Frist utløpt

Vang kommune har ledig 140 % fast stilling som reinhaldar i kommunen, pt ved Vang barne - og ungdomsskule frå januar 2024.

Frå 1.mars 2024 blir reinhaldarane i Vang kommune organisatorisk samla i ein felles avdeling, lagt til etat for Landbruk og teknisk. Det kan tilkome endringar av arbeidsstad. 

Skriv gjerne kor stor stilling du er interessert i.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre reinhald og vedlikehald
  • Reingjere etter dei krav som blir stilt til reinhaldet.
  • Bruke metoder, maskiner, utstyr og reingjeringsmidlar etter reinhaldet sitt behov, og vurdere dette opp mot kostnadseffektivitet, tidsbruk, ergonomi og miljøbelastning.
  • Vedlikehaldsbehandle ulike overflater og inventar
  • Bruke digital programvarer til å dokumentere eige arbeid og rapportere om feil og manglar i bygningen
  • Utføre serviceoppgåver som å tømme søppel, etterfylle såpe, papir og handdesinfeksjon

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev innan reinhald. Relevant erfaring kan kompansere for manglande fagbrev
  • Me søkjer etter ein medarbeidar som har erfaring innan reinhald, og som har evne til å arbeide sjølvstendig og fleksibelt
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Søkjar bør ha førarkort og disponera eigen bil

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som

  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • er strukturert og endringsvillig

Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil verte vektlagt.

Godkjent politiattest skal leverast ved tilsetjing

Vi tilbyr

  • Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med høgt fagleg fokus
  • Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Kommunen kan hjelpe til med bustad
  • Vang kommune nyttar nynorsk som målform
  • Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor
  • Ved intern tilsetting kan det bli andre ledige stillingar

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24