Frist utløpt

Vang kommune har ledig 100 % fast stilling som rekneskapsleiar ved avdeling for Økonomi og rekneskap. Du vil ha ansvar for å drifte kommunen sin rekneskapsfunksjon, og for å sikre gode og effektive prosessar for rekneskap. Rekneskapsleiar er underlagt økonomisjef. Me held til på kommunehuset i Vang sentrum, og økonomiavdelinga består av 5 tilsette. Til stillinga ligg fagansvar for rekneskap, men ikkje personalansvar for øvrige tilsette i avdelinga. Vang kommune omsetter for ca 300-350 millionar årleg. Noverande rekneskapsleiar er med oss ei tid framover slik at me sikrar ein god og solid overgang for ny rekneskapsleiar. 

Me tilbyr: 

  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med kompetente tilsette
  • Ein jobb der ein får arbeide med «heile organisasjonen»
  • Fleksibel arbeidstid
  • Ein variert jobb med spennande utfordringar. Ingen dag er lik!
  • Løn etter avtale/tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • I Vang er det godt å bu! (sjå mange fordeler nedst i annonsen)
  • Hjelp til å skaffe bustad ved behov

 

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for rekneskap og inkasso i Vang kommune
  • Utarbeiding av årsrekneskap
  • Ansvar for å sikre høg kvalitet på internkontroll og rutinar i rekneskapsprosessen
  • Ansvar for inngåande og utgåande fakturabehandling, avstemmingar, banktransaksjonar og rekneskapsmessige vurderingar
  • Påsjå at gjeldande lover, regler og avtalar vert fulgt
  • Systemeigar for økonomisystem
  • Forbedringsarbeid og vidareutvikling av rekneskapsfunksjon, prosessar og arbeidsmetodar, herunder effektivisering og digitalisering av rutinar
  • Dialog med revisor
  • Arbeid knytt til legat
  • Rapporteringsarbeid
  • Rådgjeving og saksbehandling knytt til rekneskapsmessig arbeid
  • Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga og kommunen er i kontinuerleg endring, dvs at endring i arbeidsoppgåvar må påreknast.

Kvalifikasjonar

  • Fortrinnsvis relevant utdanning 
  • God erfaring kan vege opp for manglande formalkompetanse
  • Ynskjeleg med relevant erfaring
  • God talforståing
  • Gode digitale kunnskapar, systemforståelse og interesse for IKT
  • God skriftleg og munnleg framstillingevne
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Positiv, effektiv og serviceorientert 
  • Nysgjerrig på system og opptatt av utvikling og av å finne gode effektive løysingar
  • Prosess- og løysingsorientert
  • Fleksibel og sjølvstendig
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar
  • Strukturert og endringsvillig

Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Vang kommune nyttar nynorsk som målform.

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24