Frist utløpt

Korttid og heimesjukepleia har frå 1.september 2024 ledig fast stilling for sjukepleiar. Vi tilbyr gode lønsvilkår (10 års tilleggsansiennitet) og flyttegodtgjering!

Vi tilbyr bla: 

  • Eit godt og spanande fagmiljø med varierte arbeidsoppgåver
  • Eit positivt og triveleg arbeidsmiljø saman med dyktige kollegaer
  • Opplæring og rettleiing
  • Lønn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsavtalar, og 10 års tilleggsansiennitet. 
  • Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
  • For fast stilling tilbyr kommunen flyttegodtgjering ved flytting til Vang kommune (kompensasjon av faktiske flytteutgifter inntil gitt sum)

Arbeidsoppgåver:

  • Utøve sjukepleie i tråd med gjeldande krav og lovverk
  • Planlegge arbeidet i området og fordele arbeidsoppgåver i tråd med den einskilde medarbeidar si kompetanse
  • Praktisk bistand og rettleiing til brukarar
  • Planlegge, igangsette og tilpasse tenestar ut i frå den einskilde brukers behov
  • Bidra til positivt samarbeid med pårørande
  • Dokumentere i fagsystemet Profil, journalansvar for pasientar i gitt område
  • Utføre naudsynt sakshandsaming og kartlegging av søknader til tenestar innan fagområde og legge dette fram for vedtaksmyndighet
  • Halde seg oppdatert innan eige fagområde, og delta i fagleg utviklingsarbeid
  • Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid
  • Bidra til samarbeid på tvers av einingar i etaten

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar 
  • Erfaring frå kommunal pleie- og omsorgsteneste
  • Solid fagkunnskap i sjukepleie
  • Relevant vidareutdanning er eit føremonn, men ikkje eit krav
  • Gode ferdigheter innan IKT og bruk av elektronisk pasientjournal
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Førarkort kl. B

Personlege eigenskapar:

  • Ha evne til å gje omsorg og tryggleik
  • Vera fleksibel og ha tilpassingsevne
  • Vera motivert, engasjert og strukturert
  • Ha interesse for eldreomsorg og ønske om å bidra i fagutvikling
  • Ha gode evner til samarbeid
  • Sjølvstendig og ha evne til å ta ansvar, til å ta initiativ og til å sette seg raskt inn i nye arbeidsoppgåver
  • Evne til å sjå, tenkje og arbeide heilskapleg

Anna informasjon:

  • Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
  • Stillinga krev politiattest jf. helsepersonell-loven § 5-4. Attesten må leggjast fram før tiltreding

 

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24