Vang kommune søkjer ein person til 100 % fast stilling som sjukepleiar på Vangsheimen, langtidsavdelinga.
Me tilbyr gode lønsvilkår, og stillinga er ledig frå 01.12.16
Me søkjer medarbeidarar som har:
- Norsk autorisasjon
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Gode samarbeidsevner
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Relevant praksis
- Førarkort, og kan disponera eigen bil v/behov
- Kunnskap om bruk av IKT som verktøy
- Snarleg tiltreding vil vere ynskjelig
- Personlige eigenskapar og eignaheit for stillinga vil verte vektlagt
Felles for stillingane:
- Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
- Løn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsavtalar.
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad.
Meir informasjon om stillinga kan du få ved å vende deg til aktuell avdeling.
Langtid: Joanke tlf. 61 36 95 34
Korttid/heimetenesta: Veronica tlf. 61 36 95 40
Miljøtenesta: Elisabeth tlf. 61 36 95 50
Me tek atterhald om at fast tilsette med rettar etter HTA § 2.3 har førerett til utviding av stilling. Ved intern tilsetjing blir eventuelle andre ledige stillingar å tilby søkjarane.
Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk gjennom heimesida vår www.vang.kommune.no eller i vanleg post til Vang kommune, rådmannskontoret, Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres.
Søknad skal merkast med arkivsak nr 16/843
Søknadsfrist 23.oktober 2016
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!