Vang kommune er på utkikk etter ein som kan gjennomføre oppmålingsforretningar i sommarmånadane. Du vil få oppfølging av matrikkellandmålar.
Starttidspunkt og varigheit etter nærare avtale. Det er ynskjeleg med snarleg oppstart.
Arbeidsoppgåver
- Oppmåling av eigedomsgrenser
- Kvalifikasjonar
- Du har nyleg avslutta, eller er under utdanning med bachelor eller master i eigedom og landmålingsfag eller tilsvarande utdanningar
- Førarkort klasse B
- Du må vere strukturert og ha god IKT-forståing
- Personlege eigenskapar
- Fagleg engasjert og likar å jobbe sjølvstendig
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Vi tilbyr
Løn etter kvalifikasjonar og avtale.
Om arbeidsgiveren
Vestlandsfjell og Austlandsklima er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv.
Vang kommune er opptatt av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Vi gjer merksam på at søkarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!