Frist utløpt

Om stillinga

Vang kommune ynskjer sommarvikarar ved avdelingane langtid, korttid, heimebasert omsorg og
miljøtenesta/tilrettelagte tenester.

Me søkjer etter sjukepleiarar, sjukepleiarstudentar, vernepleierar, vernepleiarstudentar, helsefagarbeidarar og assistentar i inntil 100 % stilling.

I tillegg treng me avlastarar til born/unge, og yngre støttekontaktar innan miljøteneste.  

Skriv gjerne kort om din motivasjon og interesse for å vere sommarvikar innan helse og omsorg, og også kvar du helst ynskjer å arbeide i prioritert rekkefølgje! 

Me vil vurdere søknadar fortløpande og tar kontakt i aktuelle tilfeller!

 

Arbeidsoppgåver

  • Utøve helsehjelp i tråd med gjeldande krav og lovverk
  • Praktisk bistand og rettleiing til brukarar
  • Bidra til positivt samarbeid med pårørande
  • Bidra til samarbeid på tvers av einingar i etaten  
  • Dokumentere i fagsystemet Profil

Kvalifikasjonar

  • Autoriserte sjukepleiarar, vernepleiarar og helsefagarbeidarar
  • Studentar innan helsefag og ufaglærte assistentar/støttekontaktar/avlastarar kan også søkje
  • Interesse og engasjement for fagfeltet 
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • Førarkort kl. B (gjeld for korttidsavdeling,heimebasert omsorg og miljøteneste)
  • Gjerne erfaring frå kommunal pleie- og omsorgsteneste
  • Kunnskap om bruk av IKT som verktøy, gjerne erfaring frå Profil    

Personlege eigenskapar

  • Ha evne til å gje omsorg og tryggleik
  • Vera fleksibel og ha tilpassingsevne
  • Vera motivert, engasjert og strukturert
  • Ha gode evner til samarbeid
  • Sjølvstendig og ha evne til å ta ansvar, til å ta initiativ og til å sette seg raskt inn i nye arbeidsoppgåver
  • Evne til å sjå, tenkje og arbeide heilskapleg

Vi tilbyr

  • Eit godt og spanande fagmiljø med varierte arbeidsoppgåver
  • Eit positivt og triveleg arbeidsmiljø saman med dyktige kollegaer
  • Opplæring og rettleiing
  • Lønn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsavtalar. 
  • Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad   

 

Stillinga krev politiattest jf. helsepersonell-loven § 5-4. Attesten må leggjast fram før tiltreding.

Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor. 

Me tek atterhald om at faste tilsette med rettar etter HTA § 2.3 har førerett til utviding av stilling. Ved intern tilsetjing blir eventelle andre ledige stillingar å tilby søkjarane.

Meir informasjon om stillingen kan du få ved å vende deg til aktuell avdeling.   

 

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24