Frå 1. mai 2016 er følgjande stillingar ledig i bufellesskapet for einslege mindreårigeflyktningar:
- Inntil 200% stilling for barnevernspedagogar, anna fagkompetanse kan også vere aktuell.
- Inntil 480% stilling for miljøarbeidarar / fagarbeidarar / assistentar
Personlege eigenskapar vil bli spesielt vektlagt.
Personalet vil gå i turnus med helgejobbing kvar tredje helg og med kvilande nattevakt saman med kveldsvakt. Bufellesskapet skal driftast som ein «vanleg» heim for dei 6 bebuarane. Det er viktig med god omsorg og god tilrettelegging for ein aktiv og «normal» kvardag.
Bufellesskapet vil disponere eigen bil.
Tilsette ved bufellesskapet kan bli pålagd anna arbeid ved introduksjonssenteret.
Meir informasjon om stillingane kan du få av leiar ved Introduksjonssenteret Erik Martinsen Dalåker tlf. 414 09 798 eller av skule- og kultursjef Jon Eggen tlf. 61 36 94 00.
Vang kommune tilbyr spanande arbeidsoppgåver, løn etter tariff, god forsikrings- og pensjonsordning og hjelp til å skaffe bustad.
Ein tek atterhald om at kommunalt tilsette kan ha rett på utvida fast stilling etter hovud- tariffavtala §2, pkt. 2.3.1.
Ved tilsetjing må ein leggje fram gyldig politiattest.
Søknad merka aktuelt saksnummer blir å sende elektronisk via www.vang.kommune.no eller i vanleg post til Vang kommune, rådmannen, Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres innan 12. februar 2016.
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!