Vang kommune søkjer etter tilkallingsvikarar til reinhald, til fleire avdelingar i kommunen. Det er behov for vikarar innan reinhald ved Vang barne – og ungdomsskule, barnehagane, kommunehuset og Vangsheimen.
Om det er ein stad du føretrekk som arbeidsplass, skriv gjerne det i søknaden.
Søknad merka arkivsak nr 17/469 sendast elektronisk på heimesida www.vang.kommune.no.
Søknadsfrist søndag 30.juli 2017
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!