Vang kommune har ledig ei spennande nyoppretta stilling som utviklingsjukepleiar i 100 % fast stilling, stillinga ligg til VHT - Vangsheimen og heimetenesta.
Vang kommune er i gang med ei betydeleg satsing for å gjere velferdsteknologi til ein integrert del av del av pleie- og omsorgstilbodet til våre brukarar. Dette skal bidra til at menneske med funksjonsnedsettingar skal kunne oppleve tryggleik, meistring av eigen livssituasjon og moglegheit til aktiv deltaking i samfunnet. For å sikre dette er det behov for få på plass ei rekkje ulike digitale løysingar, og der kjem du inn i bildet!
Du vil ha hovudansvar for utvikling av velferdsteknologi innan sektoren helse og omsorg, og også ansvaret for ordinær fagutvikling ved VHT (utarbeide/oppdatere, implementere, opplæring i og følge opp rutiner og prosedyrer på for VHT/ på avdelingane).
Stillinga er per no ei dagstilling (mån-fre) med fleksibel arbeidstid. Det kan bli aktuelt å legge til helgearbeid til stillinga fram i tid.
Me kan tilby:
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Stor sjølvstende i å strukturere eigen arbeidskvardag
- Fleksibel arbeidstid og dagarbeidstid (mån-fre)
- Engasjerte kollegaer og et godt arbeidsmiljø med fokus på kunnskapsdeling og samarbeid
- Gode forsikringsvilkår og pensjonsvilkår (medlemskap i KLP - eit av landets beste pensjonsordningar)
- I Vang er det godt å bu! (sjå nedst i annonsa) og Vangsfilmen her: https://vimeo.com/127479263
- Lønn etter avtale
- Me kan hjelpe til med å ordne bustad
Arbeidsoppgåver
- Representere kommunen innan velferdsteknologi og andre utviklingsområder lokalt, regionalt og nasjonalt
- Kartlegge - implementere - drifte saman med leiarar, brukarar, pårørande, tilsette, leverandørar og IKT
- Opplæring (tilsette, brukarar og pårørande)
- Fagleg oppfølging og veiledning av tilsette
- Utarbeide/oppdatere rutiner/prosedyrer
- Prosjektleiing i digitale prosjekt
- Veilede og bistå leiarar i planarbeid, kartlegging, rapportering og prioriteringar
- Samhandle tett med tenesteområdene og IKT Valdres
- Gevinstrapporteringer/synligjering internt, lokalt og opp mot Helsedirektoratet
- Ansvar for å søke prosjektstøtte, herunder implementering, oppfølging og rapportering
- Leiarstøtte til avdelingsleiarar VHT /Leiar VHT
- Tverrsektorielle prosjekter vil kunne tilkomme
- Andre oppgaver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
- Bachelor i sjukepleie eller anna relevant 3-årig utdanning på høgskulenivå
- Erfaring frå kommunal sektor (Helse og omsorg) innan drift og/eller utvikling
- Erfaring med velferdsteknologi og interesse for framtidas helse- og omsorgstenester
- Ynskjeleg med innovasjonskompetanse
- Erfaring frå prosjektarbeid er ein fordel
- God forståing for moglegheiter innan digitalisering
- Gode datakunnskapar
- God munnleg og skriftleg fremstillingsevne
- Gode norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- Må kunne jobbe sjølvstendig og målretta
- God til å motivere og engasjere
- Evne og vilje til å stå i utfordringar
- God på relasjonar og nettverksbygging
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner med tilsette/kollegaer, innbyggjarar og samarbeidspartnarar
- Du er resultatorientert og får ting gjort
- Nytenkjande og initiativrik, evne til å sjå etter nye løysingar som gjer det enklere for innbyggjarar og tilsette
- Analytisk og strukturert
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Gyldig politiattest skal leggast fram før oppstart i stillinga.
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!