Det er no fleire ledige stillingar innan helsesektoren i Vang kommune og ein søkjer mellom anna etter:
100 % fast stilling for vernepleiar i miljøtenesta. 10 års lønsansiennitet ved oppstart.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon ved stillingar som krev helseutdanning.-
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Gode samarbeidsevner
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Relevant praksis
- Førarkort, og kan disponera eigen bil v/behov
- Kunnskap om bruk av IKT som verktøy
- Snarleg tiltreding vil vere ynskjelig
- Personlige eigenskapar og eignaheit for stillinga vil verte vektlagt.
Felles for stillingane
- Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
- Løn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsavtalar.
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad.
Meir informasjon om stillingane kan du få ved å vende deg til aktuell avdeling.
Miljøtenesta: Elisabeth tlf. 61 36 95 50
Langtid: Joanke tlf. 61 36 95 34
Korttid/Heimeteneste: Veronica tlf. 61 36 95 40
Me tek atterhald om at fast tilsette med rettar etter HTA § 2.3 har førerett til utviding av stilling. Ved intern tilsetjing blir eventuelle andre ledige stillingar å tilby søkjarane.
Søknad med CV, attestar og vitnemål merka med saknr 17/522 sendast elektronisk gjennom heimesida www.vang.kommune.no.
Søknadsfrist 17.juli 2017
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!