Tilrettelagte tenester/Miljøtenesta har ledig 100 % fast stilling og 100 % vikariat som vernepleiar.
Du er ynska hit til oss med di nyskjerrigheit, positivitet og gode samarbeidsevner.
Tilrettelagte tenester i Vang er i endring, difor treng me nye medarbeidarar. Me ser at våre tenester både endrar seg og aukar, og innhaldet i arbeidet vert variert og nyskapande.
Me ynskjer din kunnskap og bidrag i endringa, saman med fleire gode fagansvarlege.
Du vert med på alt frå observasjon og kartlegging av bistandsbehov, oppstart av nye tenester, i tett samarbeid med eigne og andre faginstansar, tenestemottakarar og
familiar. Du vil bidra inn i barneavlastning, private heimar, bufellesskap, arbeid/aktivitet og til tider samarbeide med skule/barnehage.
Gode lønsvilkår for vernepleiarar og sjukepleiarar som rekrutteringstiltak i Vang kommune!
Kva kan me tilby?
- Gode lønsvilkår! - I Vang kommune får vernepleiarar og sjukepleiarar 10 års tilleggsansiennitet ved oppstart i stilling. Ansienniteten kjem i tillegg til reell yrkesansiennitet. Kandidatar som allereie har full ansiennitet vil få løn over tariff.
- Stor variasjon i arbeidsoppgåver
- Du vil bidra inn i utviklinga og endring av tenesteområdet
- Faglege utfordringar og gode utviklingsmoglegheiter
- I Vang er det godt å bu! (Sjå oppramsa fordeler nedst i annonsa)
- Vi kan hjelpe til å ordne bustad
- Løn etter tariff, og gode forsikrings - og pensjonsvilkår
Arbeidsoppgåver
- Aktivt søkje å nå fastsette mål for arbeidet gjennom målretta miljøarbeid
- Praktisk bistand og opplæring til tenestemottakarar etter HOL §3-2,6
- Ivareta brukarmedverknad i all tenesteyting
- Bidra til godt samarbeid med brukarar, pårørande og kollegaer
- Observasjon og kartlegging
Kvalifikasjonar
- Fortrinnsvis autorisasjon som vernepleiar, men sjukepleiar og andre med 3-årig helse - og sosialfagleg utdanning oppmodast også til å søkje.
- Kunnskap og erfaring frå arbeid med målgruppa
- Gode ferdigheter innan IKT og bruk av elektronisk pasientjournal
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Førarkort kl. B og disponera eigen bil
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsferdigheiter, men òg evne sjølvstendig arbeid
- Du er stabil, fleksibel og lojal overfor vedtak og tiltak
- Du er blid og positiv, og villig til å søke ny kunnskap
Vi tilbyr
- Ei spennande stilling med varierte arbeidsoppgåver
- Opplæring og rettleiing
- Lønn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsavtalar
- Stillinga krev politiattest jf. helsepersonell-loven § 5-4. Attesten må leggjast fram før tiltreding
- Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor
- Gode lønsvilkår for vernepleiar/sjukepleiar
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!