Tyinvegen 4473 – «Neset»
Spektakulært utsyn mot Vangsmjøsa og Grindane er det fyrste som møter deg ved «Neset», eit gamalt butikklokale midt i kommunen som no er til sals som bustad.
Det har vore matbutikk i fyrste etasje, og her er det store areal ein kan nytje til soverom og liknande. Dette er fleire år sidan det har vore aktivitetet i bygget, så ein lyt pårekne ein del opprusting.
No går E-16 forbi huset, men om få år er tunnellen gjennom Kvamskleiva ferdig og då er Neset ei roleg perle på ei tomt du ikkje finn makan til i Vang. Kongevegen over Filefjell har sitt austlege startpunkt her.
Det er seksjonert ut to leilegheiter i bygget som seljast samla til godt under takst. Dette går i kategorien «unik moglegheit» for den som er motivert til å ta i eit tak.