Midt mellom dalbotnen og høgfjellet ligg Åsvang.
Framsida Arbeid og bustad Bustader og tomter Tomter Åsvang

Byggjefeltet på Åsvang

På Åsvang er det to ledige «gratistomter» i byggjefeltet. Her bur du i eit triveleg nabolag med barnehage, skileikanlegg, lysløype rett i nærleiken. I tillegg til uendelege turmoglegheiter og et levande kulturlandskap rett utanfor dørstokken.  

Kommunal «gratistomt» betyr at kommunen gjev gratis grunn, og at kommunen ikkje krev inn refusjon for opparbeiding av veg, vatn og avløp.

Alle andre gebyr og avgifter, herunder tilknytingsavgift for vatn og kloakk, må betalast på vanleg måte. I denne samanheng er det viktig at husbyggaren også tek kontakt med Vang energiverk, tlf 61 36 75 50, for å avklare kor stort anleggsbidrag det er for å få tilknyting til straum.

Det er fastsett nærare vilkår for bygging i kommunale felt. Den som er interessert i bustadtomt får raskt svar på ynskje om nærare opplysningar eller svar på søknad om tomt ved å ta kontakt med kommunen. 

Adresse
Åsvang
2975 Vang i Valdres 

Kontakt
Vang Kommune 
Avdelingsleiar vatn og avløp
Henrik Holen 
61 36 94 80 
Send e-post 

Nøkkelinfo

  • Tomt: ca. 1000 m²
  • Antal tomter: 12
  • Byggeklar: Ja. Noko grunnarbeid må påreknast. 

Pris 
Gratis (Tilknytningsavgift for vatn, kloakk og straum lyt ein betale sjølv)

Kart
Valdreskart.no - trykk fyrst på «Vang» 
Søk så på adresse Åsvangvegen 22 eller 24

 

Fleir Tomter