På ei roleg høgde i Vang sentrum med nærleik til både skule og natur ligg det nye bustadområdet Klukkargrende med sal av nøkkelferdige hus, teikna av arkitekt Marius Waagaard.
Klukkargrende er eit nytt bustadområde ved Vang sentrum, som i løpet av dei neste åra skal utviklast med 8 nøkkelferdige bustader for fjellfolk som ynskjer seg moderne husvære tett på naturen. Prosjektet blir utvikla av to småbarnsfamilier som sjølve skal busette seg i området, i tett samarbeid med dyktige fagfolk i Taktil Arkitekter og Vang Bygg.
Klukkargrende ligg på ein sørvestvendt kolle midt i kulturlandskapet i fjellbygda Vang, med storslått utsyn og bygdas beste soltilhøve.
I tillegg til bustadtomtene blir det også etablert fellesareal med parsellhagar, leikeplass, samt anna felles infrastruktur, som alle i feltet har eigarskap og bruksrett til.
Les meir om huskonsept og området på klukkargrende.no