Er du ny her eller vurderer Vang på den eine eller andre måten? Send ein e-post eller slå på tråden til dagleg leiar i Innovangsjon, Dag Inge Bruflot.
Agendaen er som regel ein uformell prat der du får svaret på smått og stort om Vang for å få ein best mogleg start på livet som vangsgjelding. Som dagleg leiar i Innovangsjon har Dag Inge godt overblikk over grenda anten det er snakk om folk, aktivitetar, arbeid eller noko heilt anna.
Som ny i Vang er du også invitert gratis til neste «Fredagskos». Dette skjer eit par gonger i halvåret og er enkelt og greitt ein kveld der mat, drikke, quiz og sosialisering står i fokus til fordel for seriar og sofa. Meld gjerne i frå til Ida at du er her og er klar for å møte bygda - vi får ikkje med oss alt.