Lunt mellom høge fjell
Øye og «Øvre dalen» har gardar på rekkje og rad omkransa av bratte lier opp mot høgfjellet. Her trivst hjorten like godt som folka og tradisjonen for jakt og fiske står sterkt. Den sjarmerande Øye stavkyrkje, utgjer saman med nye kyrkja og samfunnshuset eit trivelig «sentrum» i området som har vorte ei roleg perle etter at hovudvegen forbi vart lagt i tunell.