På jakt i området kring Hugakøllen. Foto: Lars Østbye Hemsing.
Framsida Aktivitetar Sumaraktivitetar Jakt

Jakt

Rypejakt i Jotunheimen og småviltjakt rundt Hugakøllen eller ved Helin er den lettest tilgjengelege jakta i Vang.

Det aller meste av utmarka i Vang er i privat eige. Det betyr at småviltjakta er leigd bort, samstundes som storviltjakta er organisert i jaktlag.

Her er dei moglegheitene du har for jakt:

Eidsbugarden fjelleigedom

Inatur.no  kan du kjøpe både dagskort, todagarskort og vekeskort for eit stort område kring for Eidsbugarden. I starten av jakta er det rift om korta, men frå 24. September er det fritt kortsal. Her snakkar vi Jotunheimen og rype – ein eksklusiv kombinasjon. Både telt, Fondsbu, Eidsbugarden Hotel, Tyinholmen og private hytter er moglegheiter for overnatting.

Også rett utanfor Vang, kring Sletterust og Tyin i Årdal kommune er det ein stor fjelleigedom der du kan kjøpe jaktkort. Her er også fleire hytter til utleige.  

Hugakøllen

I området kring Hugakøllen kan du kjøpe jaktkort for ei helg, ein dag, eller ein heil sesong. Årskort kostar 1000,- eller 2000,- alt etter kva for område du ynskjer å jakte på. Her er både rype, orrfugl, storfugl og hare – med andre ord alle dei utfordringane ein småviltjegar ynskjer seg. For meir informasjon og kjøp av jaktkort – kontakt Andris Kvam på e-post: gurokvam@bbnett.no.

Helin

Grunneigarlaget Helin vest/Ellingbø/Thune sel jaktkort for småvilt og rådyr via Intatur ved Helin og ned mot bygda. 

Prat med grunneigar/grunneigarlag

Vil du jakte elg og hjort lyt du gå via grunneigarar. Ikkje alle grunneigarar er interessert i å jakte sjølv, så det kan vera moglegheit til å få «gå» for ein grunneigar. Det er og jaktlag som gjerne tek med seg ein gjestejeger sjølv om dei ikkje eig grunn i området. Prat med folk og syn interesse er stikkord for å koma i gang som storviltjegar i Vang.