Bær og sopp

Bær og sopp

Naturen delar raust på godane i Vang. Både bær og sopp finn du i overflod.

I god tradisjon skal vi her la vera å avsløre dei aller beste moltemyrane i Vang. Dei finn den som leitar. Men her er nokre generelle tips om kva som kan vera verdt å sanke i Vang.

Blåbær: Denne finn du ofte i overflod i Vang. Fjelldalar som Herredalen, Sandalen og Skakadalen er gode tips for den som skal ut på sin fyrste bærtur. 

Tytebær: Aktiv skogsdrift i kommunen gjev utallige relativt opne område i skogsterrenget – og her finn du tytebær i massevis. Tørt lende og spreidd furuskog er terreng du kan sjå etter når du leiter etter din eigen tyttebærplass.

Molte: I gode molteår er det berre å stoppe ved alle myrdrag langs kva for stølsveg som helst i kommunen, så finn du rikeleg. Dårlege molteår er det diverre av og til. Då lyt du anten bruke mykje tid på å finne fram til dei bra plassane, eller du lyt få tips av ein lokalkjent.

Sopp: Alle dei «trygge» matsoppane er vanlege i Vang. Det betyr kantarell, steinsopp, fåresopp, traktkantarell , matriske og piggsopp. Her er det berre å leggje ut på tur med soppbok, kurv, børst og kniv – soppen finn du over alt.
Hugs å berre ete sopp du er heilt sikker på.

Bildegalleri