Lita pause under flytstisykling på Tyin–Filefjell. Foto. Ida Ask.
Framsida Aktivitetar Sumaraktivitetar Sykkel

Sykkel

Gamle ferdselsvegar, majestetiske fjellområde og eit godt utbygd nett at stigar gjer Vang til ein attraktiv sykkeldestinasjon øvst i Valdres.

Ein sykkeltur er ikkje lenger berre ein sykkeltur. Nokre likar det bratt, andre likar det kjapt. Felles for alle greinene av sykling, er at du finn gode arenaer for det i Vang.

Stisykling i Vang

Eit særs godt utvikla stinett både over og under skoggrensa i Vang betyr at også stisyklinga i Vang er av god kvalitet. Lokale entusiastar er godt i gang med kartlegginga av dei beste stiane for sykling!

Fjellsykling

Stølsvegnettet i Vang er såpass omfattande at sykling i storslått fjellterreng er lett å gjennomføre. Særleg gode alternativ er for eksempel strekket mellom Kyrkjestølen og Maristøga, sjølv om det til tider er meir stisykling enn fjellsykling. Vis omsyn både til vegen og til gåande om du syklar her.

Det same er 1000-metern mellom Tyin og Årdal – her er det grusveg heile vegen.

Den som vil prøve seg på langtur kan ta runda frå Vang til Eidsbugarden, båt over Bygdin og så sykkel tilbake via Raudalen og over Slettefjellet. På denne turen får du med deg både Jotunheimen og Vang på ein særs fin måte. Men turen er såpass lang at den med fordel kan delast opp på to dagar.

Intersport Filefjell leier ut syklar og stiller med skyssing om du treng det.

Landevegsykling

Vegnettet i Vang byr på fleire moglegheiter for rundturar på landevegsykkel. Turen rundt Vangsmjøsa er den aller mest klassiske. Merk at det er nokre parti som ikkje har asfalt.

Utforsykling

Vang er ingen utprega utfordestinasjon, men nokre moglegheiter av det gode slaget finn du også her. I anlegget på Tyin–Filefjell er det gjort noko arbeid i området ved Tørrisheisen, men det byrjar å vera nokre år sidan.

Andre stader i kommunen er det bil eller trilling opp som gjeld. Eit fjell som Hugakøllen er mogleg å sykle heilt frå toppen. Stigen mellom Tveitastølen og Tumleøygarden har fått både ei lita bru, samt nokre doseringar. Dette er kanskje beste utforstigen i kommunen, men det er framleis sti. Elles er det mogleg å dytte sykkelen på Leirholshøgda og sykle bratt til Vennis via Knappen.