Padling på Bygdin under Vinjerock. Foto: Juel Victor Løkstad/Vinjerock
Framsida Aktivitetar Sumaraktivitetar Padling

Padling

Både på flatt og bratt vatn er Vang eit padleparadis.

Få veit det, men Smådøla i Smådalen er ein av landets aller beste elver for elvepadling. Når Vang i tillegg har alt frå dei største til dei minste fjellvatna, er moglegheitene uendelege.

Havkajakk

Flatt vatn har vi nok av i Vang. Her er det berre å velja seg ut eit eller fleire vatn og leggja i veg. Mange vel å padle på Vangsmjøsa, mens den vande fjellpadlaren kan prøve seg på ei kryssing av Bygdin.

Kano

Begna frå Tveit stadion og ned til Kvismo er perfekt for kanopadling på elv. Roleg elv, ingen biltrafikk og skikkelig villmarksfølelse. Men framleis enkelt å både setja kanoen på vatnet og få han opp att.

Elles er det berre å velja seg flatt vatn etter ynskje. 

Bøflaten camping får du leigd kano gjennom heile sumarsesongen. 

Elvekajakk

Den allereie nemnde Smådøla har altså legendestatus i elvepadlemiljøet. Det er nedre delen av elva som gjeld og du tek båten i land ved Øynadn før du kjem inn i verneområdet. Merk at dette er eit padlestrekkje for den vidarekommande.

Begna er på den andre sida ei elv perfekt for nybyrjarar. Strekket mellom demninga ved Nørsvinsfjorden og ned til rasteplassen ved Tomleøygarden byr på både rolige strekk og passe utfordrande stryk. Ved mykje vatn vert det såkalla «valsar» både nedanfor campinga ved Ala og litt nedanfor Rogn Camping. Ein lyt med andre ord veta kva ein driv med ved høg vassføring. Strekket vidare mot Tveit Stadion er for den vidarekommande.

Det er mogleg å prøve seg både i Mjølkedøla og andre elver i høgfjellet, men her lyt du forvente deg ein del knot.