Langrenn

Løypenettet på Tyin–Filefjell strekk seg milevis innover fjellet. Foto: Hallgrim Rogn.

Langrenn i Vang

Frå langrundar i høgfjellet til trivelege lysløyper i granskogen – Vang er bra på langrenn!

Turen frå Tyin–Filefjell alpinsenter og opp til Turistforeiningshytta Sulebu er høgfjellslangrenn av aller ypparste kaliber. Gode spor, moglegheit for skøyting, eksepsjonell utsikt og ein hyttevegg å ta pause i.

Tyin–Filefjell

Her er tilbodet størst og sesongen lengst. Det er som nemnd høgfjell som er det viktigaste stikkordet her. Noko som betyr at sporet til tider kan blåse att, mens ein andre gonger får strålande sol, kvite vidder og fjellutsyn av episke dimensjonar. Eksklusivt!

Preppestatus for skiløypene i området vert oppdatert på skisporet.no gjennom heile vinteren.  

Øye

Litt forbi den gamle barnehagen i Øvre Dalen har Jotunheimen IL si lysløype på om lag to kilometer. Her er det klubbrenn tysdagar etter jul, og løypa vert også preppa til desse løpa. Om veret er for ruskete oppe på Filefjell kan denne løypa vera eit godt alternativ.

Grindafjell

45 kilometer løyper i fjellbjørkeskog og høgfjell er kva du får i området Grindafjell løypelag køyrer. Desse løypane vert køyrt opp til alle helgar, pluss vinterferie og påskeferie. Løypene er også kopla på nettet vidare mot Syndin og Vaset, så her er langturpotensialet stort.

Aller tettast følgjer du løypekjøringa på facebooksidane til Grindafjell ski. Noko info finn du også på grindafjell.no.

Åsvang og Slettefjell

Lysløypa, populært kalla «toern», på Åsvang er hjarta i eit variert løypenett på Slettefjellet. Her kan du gå til Haukåsen og på Leirholshøgda, du kan gå «Tieren» rundt Laglim, eller du kan gå opp i Slettefjellet og vidare til Eggeåsen og heilt rundt til Raudalen.

Det er lysløyperenn onsdagar mellom jul og påske, pluss skitrening før i veka.

Oppdatert preppestatus finn du på løypelagets nettsider eller i facebookgruppa til Fjellblom IL. Regelen er at lysløypa køyrast opp etter alle snøfall, mens dei andre løypane køyrast opp mot helg, ved behov.

Vi oppmodar alle langrennsinteresserte til å anten melde seg inn i ein skiklubb eller betale løypebidrag til løypelaget dei nyttar :-)

Støtt løypelaga

Gode skiløyper er med på å gjera vinteren til et høgdepunkt i Vang. Anten du bruker løypene på Slettefjell, Grindafjell eller Tyin–Filefjell oppmodar vi om å støtte det aktuelle løypelaget!