Klatring

Sportsklatring ved Tyin. Foto: Magne Grihamar

Klatring

Stein og fjell er overskotsvare i Vang, noko som betyr eit fint utval klatremoglegheiter. Samstundes har den nybygde Vangshallen ein solid klatrevegg og ein mindre buldrevegg.

Vang klatreklubb er ein nystarta og aktiv klubb som fyrst og fremst nytjar klatreveggen i Vangshallen til sin aktivitet. Dei har faste klatrekveldar haust, vinter og vår og tilbyr brattkortkurs til alle interesserte. Informasjon og kontakt skjer gjennom facebooksida. 

Både Tyin aktiv og Bøflaten camping tek deg med på utandørs klatreopplevingar i Vang.