Vegfest med TeXeL (1 of 1).jpg
Framsida Aktivitetar Vinteraktivitetar Isfiske

Isfiske

Fjellvatna i Vang er eit ynda mål for ivrige isfiskarar grunna lang sesong og særs fin aure.

Ved sidan av klassikarane, Tyin og Otrøvatn, er det fleire interessante småvatn i Tyin-Filefjell-området for den isfiskeinteresserte.

Fiskekort gjeld på same måte som sumarstid. Joker på Tyinkrysset har dei fleste korta for området inne.

Eit tips for dei mindre fjellvatna er å ha forlenging på boret, då isen kan verta særs tjukk. Hugs også spade for å måke vekk snø.

Sesongen startar i februar og ein vanleg vinter vert fisket betre og betre utover seinvinteren heilt til snøen går.

Bildegalleri