Fjelltur

Vang er ei fjellbygd turen kan starte frå dørstokken, ein av stølsvegane eller ein fjellovergang.

Fjelltur i Vang

Fjelltur og Vang er like naturleg som fisk og vatn. Vi har Jotunheimen, Fugleberget og alt i mellom.

På trass av fleire av 2000-meterstoppane i Jotunheimen er innanfor kommunegrensa, er det bygdefjella som vert mest brukt til fjelltur. Grindadn, Hugakøllen, Skutshødn og Hødntinden er mykje brukte turmål – men mange er også på tur utan at toppen nødvendigvis er målet. Vang er generelt relativt fint å vera ute på tur i! 

TurApp Vang 

For å få oversikt over det mangfaldige tilbodet innanfor kommunegrensa har den gode gamle «Turhandbok for Vang» blitt digitalisert av det lokale selskapet TurApp AS. Gode kart, fine bilete, og grundige turskildringar gjev deg alt du treng for å finne fram til turtilbodet i kommunen.

Sjekk ut TurApp Vang her på nettsida. 

Er du ikkje særleg digital av deg, får du kjøpt både Turhandbok for Vang og Turkart for Vang på dei fleste butikkar i kommunen. 

Vang Turlag

For nokre år sidan tok ein gjeng spreke vangsgjeldingar initiativ til å starte opp eit turlag i kommunen. Klart ei turkommune som Vang lyt ha eit turlag! Dei arbeidar for at både fastbuande, hyttefolk og feriegjestar skal få lettare tilgang til store naturopplevingar.

Ved sidan av å leggje til rette for tur, arrangerer dei også fleire opne fellesturar gjennom året.

Turtrimmen

Alle medlemmar i Vang turlag får stemplingskort for turtrimmen i postkassa. Dette er tjuge utvalde turmål innanfor kommunegrensa. På alle saman er det sett ut turkasse med klyppetang og gjestebok.

Dei 20 turmåla som til ein kvar tid gjeld – finn du på nettsidene til Vang turlag

Guida fjellturar

Den som ynskjer å presse grenser i fjellet, kan enkelt leige seg fjellførar i Vang. Fyrst og fremst er det området inn mot Tyin og Eidsbugarden som har føringsturar gjennom sumaren. Dei mest populære toppane er Falketind og Uranostind, men tindeutvalet i området er stort – og mange av fjella såpass bratte at førar er greitt.

Både Tyin aktiv og Bøflaten camping tilbyr guida turar i Vang. Elles har dei fleste overnattingsbedriftene i kommunen god kontakt med guidar og set deg i kontakt. 

Kontaktpersonar

Erlend Eggen
Erlend Eggen flytta heim att til Vang for å sykle mest mogeg, vera mest mogleg på ski og drive bedrifta TurApp til nye høgder.

Send e-post

Bildegalleri
TurApp Vang

Både på nett, mobil, nettbrett og andre digitale flater finn du ein snasen oversikt over det solide utvalet fjellturar inannfor kommunegrensen. Sjekk ut alle turmåla i Aktivitets-menyen vår!