Kontorplass i Vang

Kontorplass i Vang

Anten du driv verksemd åleine, har eit selskap som treng kontorplass, eller du er tilsett i ei større bedrift, har vi kontorplass å tilby deg i Vang. 

Kontorfelleskapet 1724

Mellom skigard og bjørketre på Kontorfelleskapet 1724 held Vinjerock, Sky Labs, TurApp, Leodesk, Frisk Forlag, Lukkeleik, Fleten.net, Innovangsjon og fleire andre hus. Det er med andre ord kultur og teknologi som er hovudgesjeften i kontorfellekskapet - som har plass til fleire .

For tida er det høve for å teste ut Kontorfelleskapet nokre dagar heilt gratis for å finne ut om dette er noko for deg. 

Les meir om hva du får som leigetakar på 1724.no/kontorplass. 

Synshagen Næringspark AS

Her finn du alt frå reknskap og arkitektur til verkstad, snekkerbedrifter, anlegg og elektro. Bygget er berre nokre år gamalt, noko som betyr at både kontor og fellesareal er i tipp-topp stand.

Ledig: 3 kontor på 12 m2.
Pris: kr 2.500,–/mnd.

Prisen inkluderar internett og felleskostnader som parkering, brøyting, vask og tilgang til fellesareal. Kontorene kan leiges ut delvis møblert om ein ynskjer det.
 

Kreativ kontorplass i Ryfoss

Hausten 2014 etablerar fotografane Cathrine Dokken og Christine Støa Stokkebryn seg i nyoppussa lokaler i Ryfoss. Dei har plass til eit kreativt hovud til, og dei hevdar hardnakka at dei er korkje særleg skumle eller krevjande kumpanar. 

Ledig: 1 kontorplass
Pris: kr 2000,–/mnd

Prisen inkluderar eigen hjørnepult, tilgang til møterom, kjøkken, wc, dusj og straum. Ryfoss har kort veg til Fagernes, Beitostølen og Vang sentrum, pluss eigen butikk, postkontor og bensinstasjon.

Kontaktpersonar

Dag Nordsveen
Dag jobber i TurApp AS og held i den daglege drifta av kontorfelleskapet 1724.

Send e-post

Vidar Wangensteen
Gründer av Elektromontasje AS, leiar i Vang Næringsforum og kontaktperson for den som ynskjer å veta meir om kontorplass hjå Synshagen Næringspark AS.

Send e-post

Dag Inge Bruflot
Med bakgrunn får internasjonalt næringsliv (Ikea, Acer) flytta Dag Inge Bruflot til Vang sumaren 2015 og byrja i jobben som næringsutviklar i Innovangsjon. Anten du driv næring i bygda, vurderer å starte opp noko eller berre treng ein å diskutere ideen din med, er Dag Inge mannen å kontakte. TLF: 958 73 757

Send e-post