Volleyball og ballsport

Dobbel sandvolleyballbane ved Neset midt i kommunen er fin sumaraktivitet. Foto: Eirik Høyme Rogn.

Volleyball og ballsport

Sjølv i vindfulle Vang er tilhøva for sandvolleyball gode.

Ved Neset i Vang vart det tilbake på nittitalet laga sandvolleyballbane etter initiativ frå Åsvang 4H. Då var det sand frå Nørsvinsfjorden og eit provisorisk nett som gjaldt.

No er det dobbel bane, solide nett og sand av aller ypparste kvalitet ved Neset. Det har rett og slett vorte eit lite sumarparadis i området. Her kan ein grille, bade, fiske og slappe av ved sidan av det å spela Volleyball. Vang kommune har og sett opp toalett som er opne sumarstid.

Har du lyst til å spela volleyball med andre, pleiar volleyballgjengen i Vang å spela på den eine banen klokka sju på tysdagar. Dei tek vel i mot nye folk.

Fotball 

Kunstgraset på Tveit Stadion er særs bra. Anten ein vil trene med FK-Vang eller ein ynskjer å sparke ball med nokre vener, er det fritt fram. Trening eller kamp har sjølvsagt fyrsterett. Elles er det ballbinge i Ryfoss, ein sjuerbane på Mjøsvang og mindre banar ved Høre skule, Åsvang skule og Vbu.

Tennis

Tennisbanen rett forbi Vang mottakssenter oppe i Vang sentrum er no sett i stand att. Her er det fritt fram for tennisspel for den som er interessert i det.

Bildegalleri