Nyheitsarkiv

Jostein Gaarder
18. sep 2017
27. september kl 19:00 blir Jostein Gaarder bokbada av Kirsti Baggethun på Vang folkebibliotek.
Utstilling av Åsvangoppgåve engasjerte
14. sep 2017
Opninga av utstillinga «Grendeliv» på Vang folkebibliotek onsdag kveld engasjerte dei frammøtte med sitt lokale fokus og store iderikdom.
StartUpp Valdres
07. sep 2017
Dalens beste forretningsidé er verdsett til 50.000 kroner under nyvinninga StartUpp Valdres den 12. oktober.
Vegfest på Tyinkrysset
06. sep 2017
Fyrste fredag i oktober ber vi inn til storslått feiring av at vegen over Filefjell er ferdig. Legendene i TeXeL spelar opp til dans på nyopna Tyinkrysset fjellstove, som også byr på pizzabuffet.
Fjellheim panorama
04. sep 2017
Etter ein intens arbeidssumar er dei to fyrste leilegheitene ved Fjellheim panorama no klare for innflytting.
Grendeliv (1)
04. sep 2017
Onsdag 13. september kl 19.00 opnar ei litt annleis utstilling på Vang folkebibliotek. Denne gongen er det ei masteroppgåve i arkitektur som skal synast fram.
Økologiske solbær
25. aug 2017
I solhellinga langs Klukkargardsvegen i Vang sentrum har Eirik Berge planta solbær på om lag 70 mål dyrka mark. Denne veka opna han for sjølvplukka av stor, søt og heiløkologisk solbær.
#VÅRTNABOLAG tilbake
23. aug 2017
Saman med Oslo World Music Festival som starta #VÅRTNABOLAG-konseptet er det Vinjerock, Vang frivilligsentral og Vang mottakssenter som står bak festivalen i Vang. I år står mellom andre Stein Torleif Bjella og Frida Ånnevik på scena.
Kyrkjestølen open
18. jul 2017
Kyrkjestølen opnar for servering og overnatting i dag som eit viktig tilbod for vandrande langs Kongevegen over Filefjell og ei kjærkomen gjenopning av ein tradisjonsrik turistplass i Vang.
Gründerinspirasjon på Vinjerock
13. jul 2017
Innovangsjon inviterer til gründerprat i Vinjestøga laurdag under Vinjerock.
Filefjelltunellen opnar
13. jul 2017
Den 29. september er det klart for offisiell opning av den nye tunellen på Filefjell.
Fullt hus på Fondsbu
03. jul 2017
Ein sumarkveld av dei sjeldne sette rammene for Fredagskos og sesongopning på Fondsbu på fredag. Med 110 til bords og konsekvent kortreist kvalitetsmat vart det ein bygdefest av beste merkje på Eidsbugarden.
Storstilt rekruttering
29. jun 2017
Både kommune og privat næringsliv i Vang rekrutterar no.
Ny konsert i Heensåsen kyrkje
27. jun 2017
Nok ein gong kan vi i Vang ønske velkommen til ein flott konsert i samarbeid med Valdres sommersymfoni. Sundag 2.juli kl 19.00 i Heensåsen kyrkje kjem mellom anna Sandra Lied Haga-cello og Guro Kleven Hagen-fiolin!
Ny næring på agendaen
23. jun 2017
Fleire nye bedrifter og initiativ presenterte seg på næringsfrukost i Vang onsdag.
Førti kongevegambassadørar
20. jun 2017
Førti nye Kongevegambassadørar er klare for ta i mot feriegjestar etter ambassadørkveld i Vang måndag.
VangsRiva tek oppdrag
20. jun 2017
Alle typar småjobbar er aktuelle når VangsRiva dreg i gang jobbsentral denne sumaren.
Kongevegambassadør
14. jun 2017
Alle vil til Kongevegen denne sommeren og anten du arbeidar med turistar eller berre skal ha slektningar på besøk er du velkommen til ambassadørkveld på Vbu måndag.
Klart for ny fotballturnering i Vang
13. jun 2017
Laurdag 23. september er det på nytt klart for fotballturnering på Tveit i Vang. Mottakssenteret, FK Vang, frivilligsentralen og Innovangsjon står bak turneringa som no blir arrangert for tredje gang.
Fotoutstilling om Fossegrimen
13. jun 2017
Årets sommarutstilling på Vang folkebibliotek er ei fotoutstilling signert Ivar E. Thune Hagerup, og heiter Jakta på Fossegrimen.
Vårkonsert med kulturskulen
01. jun 2017
Vang kulturskule hadde vårkonsert tysdag der mellom anna William Alexander Dalen fekk utdelt eit «Drømmestipend».
Motiverande destinasjonsdag
31. mai 2017
Realisme og evne til justering etter kva marknaden etterspør vart to sentrale stikkord for destinasjonsdagen på Mjøsvang måndag.
Farmenprogrammet er klart
31. mai 2017
Programmet for Farmendagen i Ryfoss 10. juni er no klart
Fredagskos på Fondsbu
29. mai 2017
Fjellbuffet a la Fondsbu med eit rikhaldig utval godsaker frå Vang og Valdres er på menyen når Fondsbu og Innovangsjon inviterar til fredagskos og sesongopning fredag 30. juni.
Eldmølla opna
22. mai 2017
På Leirholshøgda i Vang opna fredag ei spektakulær badstove på kanten av eit elvejuv.
Eldmølla
18. mai 2017
Landetes stiligaste badstove og rasteplass opnar på Leirholshøgda fredag. Prosjektet har fått namnet «Eldmølla» og er tilgjengeleg for turfolk frå og med opninga.
Tre prisar til Kongevegen
16. mai 2017
Heile tre prisar sopa Kongevegen over Filefjell med seg under Europa Nostra-utdelingen i Turku, Finnland. På plass for å representere Vang var ordførar Vidar Eltun.
17. mai
16. mai 2017
Velkommen til 17. mai i Vang!
Farmendagen 2017
15. mai 2017
Laurdag 10. juni vert det folkefest i Ryfoss under den årlege «Farmendagen». Arrangørane har no opna for påmelding av stand.
Barnehageutstilling
15. mai 2017
Onsdag 24. mai kl 13 blir det opning av ei utstilling utanom det vanlege i galleriet på Vang folkebibliotek. Då er det nemleg barnehageborna som er både kunstnarar og motiv.
Open temadag om destinasjonsbygging
15. mai 2017
Vang- Tyin og Filefjell reiseliv og Innovangsjon inviterer til open temadag om destinasjonsbygging, måndag 29. mai kl 10-15 på Mjøsvang Kafé.
intimkonsert med Frida Ånnevik
27. apr 2017
Onsdag 3. mai kl 19:00 inviterer Vang frivilligsentral til ein unik intimkonsert med Frida Ånnevik på Vang folkebibliotek.
Intim laurdagskos
25. apr 2017
Ekte argentinsk mat akkompagnerte ein time «Gatelangs i Buenos Aires» var rammene for ein intim versjon av laurdagskos på Fielfjellstuene.
Sommermarked i Øye
25. apr 2017
Gjengen bak julemarkedet i Øye har gått sammen med Vang frivilligsentral, og planlegger nå «Brukte skatter», et sommermarked i Øye!
Grøn festivalkveld
21. apr 2017
Vinjerock satsar ekstra grønt dette året og innleia eit omfattande samarbeid med miljøstiftinga ZERO med eit klimaseminar i Vang torsdag.
Ro-foredrag til Vang folkebibliotek
21. apr 2017
Mange har reist Norge på langs, men få har gjort det på same måte som Rolf-Erik Poppe - i ein 100 år gamal robåt.
Nyttig om nybygging
20. apr 2017
Førti husbyggjarar og entreprenørar syta for ein matnyttig husbyggjarkveld i Vang onsdag.
Påskelunsj
10. apr 2017
Langfredag blir det påskefeiring med gudstjeneste og lunsj i det fri! I over 20 år har det blitt arrangert utendørs påskelunsj ved Børrelia på Filefjell.
Elektriske traktorer og lastebiler som kjører på slakteavfall
07. apr 2017
I samarbeid med Miljøstiftelsen ZERO og frivilligsentralen i Vang inviterer Vinjerock til en spennende temakveld, torsdag 20. april kl 19 på Vang Folkebibliotek, om hvordan ny teknologi kan gi et grønt skifte i Valdres.
Satsar på reinhald
07. apr 2017
«Renhold Vang i Valdres» er i startgropa som eit tilbod til både hytte-, bedrifts- og privatmarknaden i Vang og Valdres.
Knallsuksess for Heftye Basecamp Eidsbugarden
06. apr 2017
150 deltakere trosset dårlige meldinger fra yr.no og tok turen opp i Jotunheimen for å delta på Heftye Basecamp på Eidsbugarden.
Husbyggjarkveld
06. apr 2017
Onsdag 19. april er det husbyggjarkveld på Mjøsvang kafe klokka 19:00. Alle relevante fagfelt for eit husprosjekt stiller opp på arrangementet, som er eit uformelt informasjonstilbod til alle med byggjeplanar dei neste åra.
Europeisk pris til Kongevegen over Filefjell
05. apr 2017
EU Kommisjonen og Europa Nostra har i dag offentliggjort vinnerne av EUs Kulturminnepriser/Europa Nostra pris for 2017, Europas mest prestisjetunge utmerkelser innenfor kulturminnesektoren. Kongevegen over Filefjell er en av to norske vinnere.
Nye fjes i Vang
03. apr 2017
Eit par gonger i året huker me tak i eit knippe av våre nyaste sambygdingar og spør dei det store spørsmålet: "Kvifor Vang?"
Laurdagskos
28. mar 2017
Det er klart for fredagskos på ein laurdag når Innovangsjon saman med Filefjellstuene inviterer til «argentinsk aften» laurdag 22. april.
Fart i breibandsutbygginga
24. mar 2017
Anbod på utbygging av fem breibandsprosjekt i Vang går ut til påske, samstundes er fire nye område med i årets søknad.
Satsar på bustadbygging
23. mar 2017
På fire år har Tveitabru bygg sett opp fjorten og seld tretten bustader i Ryfoss og på Bøaflata. - Vi går i gang med nytt prosjekt så fort neste eining er seld, seier dei.
Vangshallen opna
21. mar 2017
Laurdag opna Vangshallen dørane for fyrste gong. 6-700 av bygdefolket hadde møtt opp til snorklypping, konsert, kake og ikkje minst utprøving av hallen.
Barnehageleik
16. mar 2017
Fire og fem-åringane i Vang samla seg til leik i Høre denne veka i høve «Barnehagedagen». Her er rapport frå barnehagestyrar Yvonne Solemsli.
Vang Sparebank arrangerer seminar om OTP
15. mar 2017
De færreste av oss synes pensjon er så veldig interessant, og mange av oss vet ikke hvor mye vi får i pensjon når vi en dag skal gå av. Men hva med å investere to timer av livet nå – og dermed kunne få utbetalt flere titusener mer hvert år, når vi en dag bli pensjonister?
innhaldsrik næringsfrukost på Mjøsvang
15. mar 2017
Lokal handel og bedriftspresentasjonar var tema under næringsfrukosten onsdag 15. mars.
Folkefest i Vangshallen
07. mar 2017
Laurdag 18. mars kl. 12 blir det folkefest - då skal endeleg fleirbrukshallen på Vang Barne og Ungdomsskule offisielt opnast.
Outtt rekrutterer lokalt
06. mar 2017
Jan Egil Jægersborg flyttet tilbake til Vang sammen med samboer Mari Remmen høsten 2016. Nå blir han en del av teamet til Outtt.
FK Vang treng ny leiar
06. mar 2017
– Det har vore artige år som leiar, men eg føler no det er naturleg å gje seg, fortel avtroppande leiar Marianne Berge.
Vellykka morsmålsfeiring
23. feb 2017
Opp mot 100 personar var innom dørene då Morsmålsdagen 2017 vart feira på Vang folkebibliotek 21. februar.
Snøfilm 2017
20. feb 2017
Fyrstkomande helg er er det klart for fjerde utgåve av Snøfilmfestivalen på Tyin-Filefjell.
NTNU byggjer for turfolk og turistar
17. feb 2017
Både turfolk og turistar kan nyte godt av årets byggjeprosjekt i regi av NTNU i Vang. Rasteplass med tilknytt badstove på Leirholshøgda er under planlegging.
Verdenseliten til Eidsbugarden
16. feb 2017
I år kommer en ny frikjøringskonkurranse med inviterte kjørere til Norge, Vang og Jotunheimen. De første ti er klare, og det er både variert kjørestil og høy stjernefaktor.
Engasjement for Kvamskleiva
14. feb 2017
Det er stort lokalt engasjement for å få anleggsstart i Kvamskleiva neste år inn Nasjonal transportplan som vert lagt fram for Stortinget i april. Måndag møtte representantar frå aksjonsgruppa AP-folk ved den rasutsette strekninga.
Nytt reinseanlegg
10. feb 2017
Dei fyrste hyttene er no kopla på det nye reinseanlegget på Tyin-Filefjell. Anleggsarbeidet er i i stor grad utført av lokale entreprenørar og destinasjonen har no eit reinseanlegg med kapasitet for framtida.
Open dag
09. feb 2017
Belindas hud og velvære feirar splitter ny profil med open dag laurdag. Sprudlevatn, voksing av brystkasse og andre demonstrasjonar står på programmet frå klokka to.
Fyldig vårprogram på Vang folkebibliotek
03. feb 2017
Konsert med Frida Ånnevik, trommekonsert med Zwai Mbula og eit rikt utstillingsprogram er berre noko av det ein kan oppleve på biblioteket.
Saman om støttekonsert
02. feb 2017
Tre familiar i Valdres som sjølv har ungar ramma av kreft står saman om ein kyrkjekonsert der alle inntekter går uavkorta til barnekreftforskning.
Historielaget samlar gamle bilete
27. jan 2017
Vang Historielag arbeider med å lage ei bildebok frå heile Vang, og treng di hjelp til dette arbeidet.
Fullt hus på Mjøsvang under Landbruksdagen
26. jan 2017
Demopark, opne fjøs og åtte speed-forelesningar trakk 50 personar til Landbruksdagen.
Gaveutdeling til allmennyttige formål
25. jan 2017
Vang Sparebank deler ut av overskuddet sitt til lokale lag og foreninger. Søknadsfrist er 12. februar!
Fullt på Fredagskos i Høre
24. jan 2017
Med 120 til bords og 140 på plass til dansefesten etterpå vart Fredagskos på Høre samfunnshus ein bygdefest av aller beste slag. Også tretten heilt nye vangsgjeldningar fann vegen til festen fredag.
NTNU-master om Åsvang
17. jan 2017
Masteroppgaven «Grendeliv» undersøker hvordan en grend kan ha en boform som utnytter lokale ressurser. Oppgaven jobber med nasjonale problemstillinger, da var det helt naturlig å jobbe med Vang som det gode eksempelet, i følge studentene.
Fleire fulltidsstillingar
10. jan 2017
Ei legestilling og to sjukepleiarstillingar på heiltid er no lyst ut i Vang, saman med fleire mindre stillingar innan helse- og miljøsektoren.
Landbruksdagen i Vang
10. jan 2017
Onsdag 25. januar vert det landbruksdag i Vang på Mjøsvang Kafé! På plakaten står presentasjonar frå mellom anna Innovasjon Norge, Tine og Fjøssystemer.
Breidde på næringsfrukost
21. des 2016
Frå skredsikring til t-skjortetrykk og Kongevegen over Filefjell. Det skjer mykje på næringssida i Vang.
Eit knippe nye fjes i Vang
20. des 2016
Kva har desse tolv personane til felles? Dei har flytta til Vang det siste året!
Fredagskos i Høre
20. des 2016
Tørstad & co, Høre mannskor, Sara´s mat og Innovangsjon samarbeidar om stormønstring i Høre 20. januar.
Gratis sesongkort til alle 4.klassingar
15. des 2016
Alle fjerdeklassingar i Vang, Lærdal og Årdal får tilbodet om gratis sesongkort i Tyin Filefjell skiheiser.
Strand Service
13. des 2016
Strand service AS i Øye satsar langsiktig og har investert i både «lakkboks» og utstyr for understellsbehandling av bilar med bruk av lanolinolje.
Utdanningsstipend
06. des 2016
Vang sparebank leiter etter kandidatar til årets utdanningsstipend. Tek du høgare utdanning og er kunde i banken kan brått 10.000 ekstra kroner koma inn på konto.
Gartneriet på Lund er opent!
06. des 2016
Fram til 23. desember kan du finne juleblomane på Gartneriet på Lund
Bokkveld med utdeling av positivprisen i Vang
01. des 2016
Jula nærmar seg, og tradisjon tru blir det bokkveld på Vang folkebibliotek, onsdag 7. desember kl 19:00.
Snart ny skule
30. nov 2016
– Det er fullt kjør i alle rom no og det ser ut som at vi får ta heile anlegget i bruk i midten av februar, fortel vaktmeister ved Vang Barne og ungdomsskule, Leif Jan Hammerstad.
Ginst treningssenter opna
24. nov 2016
– Det var på tide å tenne treningsgnisten i Vang att fortel gründer Yvonne Solemsli Mæland.
Jubileumskonsert med Vang kulturskule
24. nov 2016
Laurdag 3. desember kl. 18 inviterer Vang Kulturskule til julekonsert i Vang Kyrkje. Både noverande og tidlegare elevar opptrer denne kvelden.
Tida før jul bognar med tilbod
23. nov 2016
Det skortar ikkje på aktivitetar som skapar julestemning, både for born og vaksne. Dei neste vekene vert det arrangert tre juleverkstader i Vang. Her får du eit overblikk!
Barnehagen i Høre opna
22. nov 2016
Måndag opna den nye barnehagen i Høre under eitt år etter at ideen om flytting frå Ryfoss vart lansert. Ungane tok raskt i bruk både ute- og innearealet med leik og aktivitet.
Julegateøfning
21. nov 2016
Lystenning, nissemarsj og tett program syter for julestemning i Ryfoss.
Sofasamtale
17. nov 2016
Sofasamtalen om korleis det eigentleg står til i Vang trakk mellom 60 og 70 til Vang folkebibliotek onsdag kveld. Det vart personleg og ærleg om sterke og svake sider ved bygdesamfunnet vårt.
Fellesprosjekt
16. nov 2016
Vestre Slidre og Vang har gått saman om eit treårig prosjekt for å få liv på tomme gardar. No ser ein etter prosjektleiar som kjenner båe kommunar godt.
Leilegheitene på Mjøsvang er klare
14. nov 2016
Mjøsvang Kafé har nett bygd fire utleige-leilegheiter for å møte etterspørselen om soveplass til ferierande og folk på gjennomreise. Med kvar sin veranda, og utsikt mot Vangsmjøsa ligg forholda til rette for at fleire tilreisande vert attende i Vang ein ekstra dag.
Bygdedyr og glansbilete - korleis står det eigentleg til i Vang?
10. nov 2016
Vang frivilligsentral og Innovangsjon inviterer til sofasamtale med fire vangsgjeldingar, på Vang folkebibliotek, onsdag 16. november kl 19:00
Julemarknad
09. nov 2016
Lokale produkt i alle kategoriar er suksessoppskrifta til julemarknaden i Øye 19. og 20. november.
Avløysarlaget vil vekse
03. nov 2016
Vang avløysarlag er klar for oppdrag i resten av Valdres.
Heftye Opplevelser på Eidsbugarden
19. okt 2016
Heftye Opplevelser inviterer til Basecamp og Invitational under Vintersesongen 2017 på Eidsbugarden.
Fileringskurs
18. okt 2016
I helga var det fileringskurs i regi av Vang Husflidslag. 10 deltakarar fekk lære den tradisjonsrike masketeknikken av Randi Ødegården og Kari Hagaset
Visning av novellefilm spelt inn i Vang
07. okt 2016
For eit halvt år sidan vart novellefilmen Forfalne spelt inn i Vang, av studentar ved Den Norske Filmskolen på Lillehammer.
20 stillingar
04. okt 2016
Frå Jotunheimen til Vangsheimen – dette er dei 20 ledige stillingane i Vang no.
NTNU 2017
04. okt 2016
Kva og kvar er det store spørsmålet når arkitektstudiet ved NTNU i Trondheim kjem tilbake til Vang for å byggje våren 2017.
Skulejogg på Vbu
03. okt 2016
Elevane ved 1.-7. trinn på Vang Barne - og ungdomsskule deltok fredag på den årlege Skulejoggen. Dei starta ved VBU og jogga ein rundt på 3 kilometer i nærområdet.
11 nye på fredagskos
28. sep 2016
11 nye fjes vart presentert på fredagskosen på Mjøsvang
Næringsfrukost 23.09.16
28. sep 2016
Orientering om tunnel ved Øye og kommunale reguleringsplanar.
fleten.net vert Cisco-partner
21. sep 2016
Vangsbedrifta fleten.net som leverar trådlaust nett til bedrifter har fått kvalitetsstempelet «Cisco select partner».
Auka trafikk på Kongevegen i sumar!
20. sep 2016
Bedriftsnettverket Kongevegen over Filefjell melder om at det framleis er flotte forhold på Kongevegen for dei som planlegg ein tur i haustferien.
Kurs i fotofikling på Vang folkebibliotek
19. sep 2016
Vil du lære å klippe saman bilete på ein morosam måte? Onsdag 21. september kl. 19 blir det kurs i fotofikling på Vang folkebibliotek.
Fredagskos på Mjøsvang
15. sep 2016
Fredag 23. september er det klart for fredagskos på Mjøsvang Kafé. DeLuxe pizzabuffet, quiz med premiar og pratefest er på programmet.
Forteljarteater og premieutdeling i Vang
13. sep 2016
Hulder-historier frå fleire land og annonsering av vinnarane frå årets sommarles-konkurranse på Vang folkebibliotek, laurdag 17. september kl. 14.
Vang Husflidslag arrangerer husflidsdag i Kvam
06. sep 2016
Ull er fokus for hudflidsdagen i Gamle Kvam frå kl. 12-16 laurdag. Votteutstilling (der du kan bidra), måleri av Kristen Stavdal, matsal, samt fleire utsalsboder med handverk og mat er på plass gjennom heile dagen.
Pressemelding fra Vang Historielag
01. sep 2016
Vang Historielag har starta arbeidet med å samle inn gamle bilde frå Vang. Fotosamlinga i kommunen har i dag om lag 3500 bilde som vart samla inn i 1994, og no er det tidsepoka frå om lag 1940 og fram til 1960 som står for tur.
vangsgutadn.no
31. aug 2016
Med ti modellar i katalogen lanserast det splitter nye hengarmerket vangsgutadn.no hjå Vang Auto–Service laurdag. Det vert framsyning og aktivitetar frå 12-17 med utlodding av ein hengar til verdi av av 16.000 som ei stor gulrot.
Folkefest
25. aug 2016
#Vårtnabolag-festivalen i Vang varta opp med solide artistar, bra mat, mykje folk og godt dansetrøkk framfor scena.
Fotballturnering
24. aug 2016
Før sommaren starta frivilligsentralen, FK Vang, Innovangsjon og mottaket samarbeidet om ei ny fotballturnering, som vi hadde stor suksess med for to år sidan. Laurdag 3. september kl 12 er det klart for kamp på Tveit stadion.
Kongevegopning
23. aug 2016
Fyrstkomande laurdag vert det offisiell opning av Kongevegen over Filefjell i Gamle Kvam gard. Vandring, konsert og mat står på programmet.
Nøkkens brud (1)
22. aug 2016
Stykket «Nøkkens brud» drog 150 personar til ute-teater på Åsvang.
Stella Mwangi startar festen
17. aug 2016
Stella Mwangi startar #vårtnabolag-festen rett over klokka eit laurdag, mens Kulturskolens barnekor saman med Åse Klevleand overlet scena til Miss Tati som siste artist ut. Sjekk heile køyreplanen for Vang sin spillter nye festival her.
Trolsk teater
10. aug 2016
Det har foregått mystiske ting på Åsvang i sommar. Undgom frå heile Vang har lagt skumle planer, og fredag 19. august kl 20 kan alle som vil få sjå resultatet. Då blir det nemleg teaterframsyning!
#vårtnabolag
08. aug 2016
20. august blir det festival og folkefest på Vang mottakssenter, og heile bygda er invitert! På scena står artistar som Stella Mwangi, Eben JR, Torgeir Waldemar og Miss Tati, i tillegg til lokale artistar. Og for å binde det heile saman stiller sjølvaste Åse Kleveland som konferansier.
Stortstilt rekruttering i Vang
19. jul 2016
Har du helseutdanning eller økonomihovud er sjansane store for at du finn arbeid i Vang no.
No kan eg bidra!
18. jul 2016
På eit småbruk, omlag midt på grensa mellom Vestre Slidre og Vang, bur Inger Ågesdotter Hovengen. Ho er ein av mange som benyttar seg av tenestane til Vangsriva i sommar. Prosjektet som gjev busette flykningar arbeidserfaring hjå bedrifter og private.
5-årsjubileum for Rullatortreff
05. jul 2016
Tretti tok turen til femårsjubileumet for Rullatortreffet på Vangsheimen.
VangRiva
20. jun 2016
Har du tenkt på at uthuset skulle vært måla i sommar eller hadde vært kjekt å fått hjelp til å klippe plenen? Rivjerna i VangsRiva tar jobben!
Høg næringsaktivtet i Vang
16. jun 2016
Tre unge damer presenterte bedriftene sine på næringsfrukost i Vang tysdag.
Reveenka på Farmendagen i Føsse
14. jun 2016
Handelstanden i Føsse drar på seg kostymer og framfører revenka i eigen Føssen-versjon under Farmendagen fyrstkommande laurdag.
Storavtale
13. jun 2016
På bilbergingsmesse i Tyskland skreiv dagleg leiar Arve Wangensteen hjå Vang Auto-service AS ein salskontrakt verdt nesten to millionar kroner på serviett.
Full klaff for Fredagskos
06. jun 2016
Seksten nye sambygdingar, sol og lokale smakar av beste merkje syta for ein triveleg Fredagskos på Bøflaten i Vang.
Kassert
30. mai 2016
Laurdag 4. juni kan du ta del i ei særegen kunstoppleving i Vang, som kom i stand etter eit aldri så lite «bok-opprør». Heile fire ulike kunstprosjekt opnar denne dagen, alle med basis i bøker.
Vang på veggen
23. mai 2016
Omrisset av Vang, moderne fargar og glansa papir et er konseptet for nysatsinga frå Makalaus design.
Satsar kreativt
12. mai 2016
Silje Josten Lien og Anne Marte Før er i gang med eigne mediebedrifter. Båe leiger kontorplass på 1724 og satsar mot lokale og nasjonale kundar.
Tindulfopning
11. mai 2016
Guro Dalåker opnar «Tindulf hyttebutikk» i Vang sentrum fredag klokka 12. Alt frå varmepumper og lysarmatur til designstolar, pyntegjenstandar og utedo kan du no handle lokalt.
My home country
10. mai 2016
Boblar i høga glas og norske og arabiske kanapear høyrde med når kunstgruppa ved Vang mottakssenter opna utstillinga 'My home country' på Vang folkebibliotek sist laurdag. Fleire av bebuarane og om lag 30 andre sambygdingar trossa finveret og tok turen inn for å sjå dei flotte maleria og teikningane.
Fredagskos på Bøflaten
06. mai 2016
Grøntområdet på Bøflaten Camping vert arena for sumarens «Fredagskos» 3. juni. Ost frå andre sida av Vangsmjøsa og øl frå andre sida av åsen står på menyen, ved sidan av livemusikk og lokal vårsuppe.
Fleten.net i storhallen
27. apr 2016
Flleten.net med sin norske base på Kontorfellsskapet 1724 syter for trådlaust internett og informasjonsskjermar hjå Valdres Storhall.
Leikegøta open
26. apr 2016
Barnehageungar frå heile Vang var høgt og lågt i den nye Leikegøta på Hensåsen under opninga fredag.
Leikegøta opnar
21. apr 2016
Fredag klokka 12 opnar leikegøta på Hensåsen med lokalmatlunsj - for alle som er interessert. Barnehagane i Øye og på Fredheim tek turen, mens ordførar Eltun stillar med kjede og klyppesaks.
Trafikkdag
19. apr 2016
«Bilen i grøfta, fleire skadde og du er fyrstemann på ulykkesstaden. Kva gjer du?» Det var utgangspunktet for trafikksikkerheitsdagen på Vbu måndag.
Øvingskøyring
10. apr 2016
Desse ti er alle busett i Vang kommune, flest i Ryfoss og nokre i Vang sentrum, og om dei skal kunne fortsette med det er det viktig for dei å ta lappen.
Fotballturnering for alle
04. apr 2016
I september er det klart for fotballfest på Tveit stadion. Grendelag, bedrifter og vennegjenger er velkomne til å stille lag i ei turenering som
Nytt IT-firma
30. mar 2016
Kristian Vedøy har starta opp IT-bedrift som siktar seg inn mot fleksible og rimelege løysingar for både privat– og bedriftsmarknaden.
Friluftsområde kartlagt
16. mar 2016
Alt av friluftsområde i Vang er no kartlagt. Rapporten vert eit viktig verkty for både kommune, privat næringsliv og grunneigarar.
NTNU engasjerer seg i Valdres
11. mar 2016
Bygdeutvikling gjennom lokal ressursbruk er kongstanken bak eit nytt prosjekt i regi av arkitektstudiet ved NTNU i Trondheim. Vang og Valdres er arena for prosjektet.
Tettpakka kulturveke
02. mar 2016
Kulturlivet i Vang er av det aktive slaget. Det betyr at nokre veker er fullstappa av godt program - som denne veka.
Fullt hus på Fredagskos
29. feb 2016
70 stk samla seg rundt fonduegrytene på Filefjellstuene fredag der høylandsfe frå Sørre Kjøs og reinsdyr frå Filefjell reinlag var hovudattraksjonen.
Trikkeskinner
25. feb 2016
Alt av skiløyper i Vang er preppa i vinterferien. Både langrunder i høgfjellet til trivelege lysløyper i granskogen står til din disposisjon.
Høylandsfe og Filefjellrein på Fredagskos
23. feb 2016
Høylandsfe frå Sørre Kjøs og reinsdyr frå Filefjell reinlag skal i gryta når det er klart for Fredagskos på Filefjellstuene.
Vang Rør til sals
23. feb 2016
Ein institusjon i handverkarstanden i kommunen er no til sals. Ved sidan av ei etablert merkevare og ei stor kundeportefølje er det høve for å få bustadhus med TOPP utsyn, kontor og lager i pakka. Din sjanse for å etablere seg i Vang!?
Filminnspeling treng statistar
21. feb 2016
Eksamensfilmen Forfalne frå Den Norske Filmskolen skal spelast inn i Vang i perioda 27.02.16 - 13.03.16. Dei treng hjelp - statistar, assistentar, kjentfolk, sjåførar, bærehjelp osv. Vil du bidra?
Grønn industri
17. feb 2016
Et splitter nytt og helgrønt industrikonspet er på trappene i Vang. Ureist strøm, gjenvinning av plast og utnyttelse av sentral plassering i midt i Sør-Norge er stikkord for storsatsingen.
Dukk!
16. feb 2016
Snøballfestivalen Dukk! i april er fyrste arrangement i regi av ein gjeng unge vaksne vangsgjeldingar som brenn for Tyin–Filefjell
Ser til Vang
16. feb 2016
Nye bedrifter og initiativ var i sentrum på næringsfrukost i Vang tysdag. Nok ein gong med rekordoppmøte.
Smart straum
15. feb 2016
I februar byrjar Vang Energiverk å installere smarte straummålarar i alle hus i Ryfoss. I løpet av det neste året står resten av Vang for tur. Det betyr at den månadlege «målaravlesinga» er ein saga blott og at ein på sikt kan nytte straumen når han er på sitt billigaste.
Behov for bustader
09. feb 2016
Det er høgt trykk på bustadmarknaden i Vang om dagen og absolutt rett tid for å leige ut eller selje.
30 ledige jobbar
03. feb 2016
Det er no 30 ledige stillingar i Vang - sjekk alle godbitane her!
Utmerkelser til Vang sparebank
02. feb 2016
Vang sparebank er nest best av alle bankene i Eika-gruppen på både person- og skadeforsikring. Utmerkelsen kom under det årlige markedstinget for bankene forrige uke.
Snøfilm 2016
01. feb 2016
The Revenant med Leonardo Dicaprio i hovudrolla hovudattraksjon under Snøfilm–festivalen på Tyin–Filefjell fyrste helga i februar. I tillegg vert det førpremiere på barnefilmen «Albin og gjengen: I farta».
IT-eksamen
26. jan 2016
IT-prosjektet for asylsøkjarar i regi av fleten.net har gjeve Ahmad Mohamed Ali Obo (33 år) frå Somalia internasjonalt godkjend nettverks-sertifisering.
Matnyttig marknadsføringskveld
21. jan 2016
Vangsgjeldingen vil stikke fram hovudet på digitale flater i tida som kjem. I alle fall om ein skal tolke frammøte på marknadsføringskvelden onsdag.
Filminnspeling i Vang
19. jan 2016
I februar kjem eit knippe kjende skodespelarar til Vang for å spela inn eit drama. Filmen skal synast på NRK til hausten og er eksamensprosjekt for studentar ved Den Norske Filmskole på Lillehammer
Nye vangsgjeldingar
11. jan 2016
Nokre vert livet ut - andre testar Vang for ei kortare periode. Hels på nokre nye fjes i bygda det siste året!
Marknadsføringskveld
07. jan 2016
Med enkle grep går bedrifta di frå å usynleg til tilgjengeleg i 2016. Lokale aktørar deler erfaringar og presenterer tenester på «marknadsføringskveld» 20. januar på Vang Folkebibliotek.
Kristine Valdresdatter
04. jan 2016
Onsdag 13. januar kl 19:30 i auditoriet på VBU er det klart for ein norsk filmklassikar med handling lagt til Vang.
Fellesgodefinansiering
28. des 2015
«Fjellets fellsgodefinansiering» er namnet på reinvesteringsselskapet grunneigarar og utbyggarar på Tyin–Filefjell har starta. I romjula vart avtale signert og rett over nyttår er målet at dei fyrste pengane skal inn i selskapet.
Stillingsbase
22. des 2015
Pilene peker riktig vei for Vang og nå søker Innovangsjon bredt etter nye tilskudd til næringslivet i fjellbygda.
Rekordmange
18. des 2015
Visit Valdres, kommunebudsjett, verdien av planlegging og vekst gjennom tilsetjingar stod på agendaen under årets siste næringsfrukost i Vang som samla over tretti deltakarar.
Friluftskartlegging
14. des 2015
Ei verdsetting av alle friluftsområde i Vang er no ute på høyring. Sei di meining før 13. januar.
Positivprisen
03. des 2015
Vinnarar av Positivprisen i 2015 vart Egil og Terje Karlsen. Ordførar Vidar Eltun delte ut prisen under bokkvelden på biblioteket onsdag. Dei får prisen for sin mangeårige innsats for born og unge på Åsvang.
Vintermoro
30. nov 2015
Eidsbugarden hotell har valgt å satse stort på spennende aktiviteter i vinterfjellet denne sesongen. Fra hotellet åpner i midten av februar og frem til sesongavslutningen i mai, er det mulig å melde seg på både kitekurs, skredkurs, randonnéturer, yoga, swingkurs og aktivitetscamper.
Kyrkjastengt
26. nov 2015
Himlinga i Vang kyrkje held på å losne frå åsane og kyrkja er difor stengd med tidlegast opning fyrste juledag.
Julegate
24. nov 2015
Fyrstkommande fredag er det klart for ein familievennleg kveld i Ryfoss med opning av årets julegate.
Dansefest
23. nov 2015
Både band og spelemannslag fylte dansegolvet på årets siste Fredagskos i Vang.
Førjulsmarknad
18. nov 2015
Om lag tretti utstilllarar er på plass til den årlege førjulsmarknaden i Øye denne helga.
Skiløyper
13. nov 2015
Tyin–Filefjell er klare med hele femten kilometer skiløype denne helgen. Det er høyfjellsveien mellom Tyin og Eidsbugarden som er nå er preparert og sikrer sesongstarten.
Konsert
13. nov 2015
Konsert, dansefest, superlokal mat – og rykande ferskt juleøl er kva årets siste fredagskos i Vang byr på.
Faglunsj
11. nov 2015
Folkefinansiering, eller «crowdfunding» var tema for open faglønsj på Kontorfellesskapet 1724 tysdag.
Nykommarar
09. nov 2015
Øko–Nils, Nertrost Fjellgard og heimelaga gelé frå Berge var nye lokalmatprodusentar frå Vang som synte seg fram på Rakfiskfestivalen. Også Smådalskjøtt var på plass med kurv.
Pepperkakehus (1)
01. nov 2015
Pepperkakehus-konkurranse vert ein av hovudattraksjonane i det TY-IN.no-gjengen inviterar til juleopning på Tyinkrysset 5. desember.
Syriasuksess
22. okt 2015
26.267 blanke kroner vart samla inn under Ryfoss barnehage sin innsamlingsaksjon for barn på flukt frå Syria laurdag.
Regnskogforedrag_
20. okt 2015
45 publikummarar vart tatt med på ei eksotisk reise i 'den fantastiske regnskogen' på Vang frivilligsentral onsdag kveld då Julie Forchhammer viste bilete frå turar til Borneo, Kongo og Amazonas.
Trafikksikkerheit
15. okt 2015
Vang sparebank, Vangsgutadn og politiet samarbeida onsdag denne veka om å lære fyrsteklassingane i Vang trafikksikkerheit.
Fredheimopning
14. okt 2015
Nytt og gamalt er kombinert for å gje borna ei best mogleg kvardag på Fredheim barnehage som opna offisielt onsdag morgon.
Thunetomter
13. okt 2015
Øyvind Leine Thune og familien har planar om å byggje bustadhus i solhellinga langs Helin-vegen i Vang sentrum. Samstundes regulerer dei ut to tomter for sal.
Fjorten nye på Fredagkos
12. okt 2015
Med fjorten nye vangsgjeldingar og nesten sytti til bords baud fredagens pøbbkveld på Mjøsvang kafé på bygdefest med topp stemning.
Tilskotskurs i Vang
08. okt 2015
Nesten tjue representantar frå femten lag og foreiningar i Vang fekk grundig innføring i verktyet «tilskuddsportalen» torsdag kveld.
Næringsfrukost (1)
07. okt 2015
Nesten tretti personar var på plass på Mjøsvang kafé tysdag morgon for næringsfrukost. Ei oppdatering på kommunale prosjekt og ein grundig introduksjon av næringsutviklar Dag Inge Bruflot stod på menyen ved sidan av ein overdådig frukost-buffet.
Tilskuddskurs på torsdag
06. okt 2015
Torsdag 8. oktober blir det tilskuddskurs på Vang folkebibliotek klokka 19:00. Kommunen har inngått avtale med tilskuddsportalen.no, eit flott verktøy for å manøvrere seg gjennom jungelen av tilskudd som finst der ute.
Ryfoss barnehage samlar inn pengar til Syria-flyktningar
05. okt 2015
Alle kan gjera ein forskjell i den flyktningkrisa verda no står ovanfor. Det er kva Ryfoss barnehage ynskjer å syne ved å gjennomføre auksjon og innsamlingsaksjon til inntekt for Redd Barna sitt flyktningarbeid.
Smådalskjøtt i Joker-butikkar
02. okt 2015
I sumar har kastratane frå Katevoll beita i høgfjellet inne i Smådalen. Til haustferien fann dei vegen til butikkhyllane hjå Joker i Tisleidalen og på Vaset under merkenamnet «Smådalskjøtt» - med god respons.
Jotun Bygg treng fagfolk
30. sep 2015
Med åtte mann i arbeid treng Geir Morten Sveberg i Jotun Bygg nye krefter inn i bedrifta. – Ein snekker med fagbrev som kan rekne på anbud, teikne og ta kontrollen på kontoret er det eg søkjer, fortel han. Gulrota er mogleg medeigarskap i bedrifta på sikt.
Kreativt samarbeid mellom Vang og Al
30. sep 2015
Kreative miljø i Ål og Vang har inngått samarbeid om å løfte næringslivet i Hallingdal og Valdres til nye høgder. Kommunal – og moderniseringsdepartementet tykte samarbeidet var såpass spenstig at dei løyva 1,65 millionar kroner til prosjektet som startar opp i oktober.
Nytt liv på Høre skule
24. sep 2015
Femten flyktningar med endeleg avslag på asylsøknaden går IT-skule på Høre måndag, onsdag og fredag fram mot jul. Målet er ein internasjonalt godkjent sertifisering og moglegheit for jobb i heimlandet.
Ny næringsutviklar (1)
15. sep 2015
Dag Inge Bruflot er tilsett som ny næringsutviklar i Innovangsjon. Med brei bakgrunn frå både nasjonalt og internasjonalt næringsliv, samt nykjøpt bustadhus i Vang, er føresetnadane på plass for å lyfte næringslivet i bygda.
Treng montør og kontormedarbeidar
09. sep 2015
Elektrisk installasjon søkjer både kontormedarbeidar og montør. – Det er såpass mange oppdrag om dagen at vi treng fleire folk for å nå over alt, fortel dagleg leiar Kjell Arne Dalåker.
Lokale sigrar i Ty-in duathlon
07. sep 2015
Det vart lokale klassesigrar i alle tre klasser under årets Ty–in duathlon.
Valdebatten - livesending
02. sep 2015
Sjå heile valdebatten med Vidar Eltun (Ap), Helge Lajord (Sp), Erlend Eggen (MDG) og Stein Inge Sæternes (BiV) arrangert av Vang folkebibliotek og Vang frivilligsentral. NRK-profil Erik Wold leiar debatten.
IT-prosjekt
19. aug 2015
Fleten.net startar i midten av september eit opplæringsprosjekt retta mot personar med avslag på asylsøknaden. No treng dei 20 gamle pc-ar for å gjennomføre prosjektet.
Mugnetind kafe
14. aug 2015
Ureist mat basert på kyrne som beiter rundt stølen ved foten av Mugnetind har på få veker vorte ein suksess. – Rummegraut og brunost sel vi vekk så fort vi klarar å produsere, fortel budeie Ida Østvold.
Haustslepp frå bibliotek og frivilligsentral
13. aug 2015
Saman med frivillige lag, barnehagar, eldsjeler og banken tilbyr Vang frivilligsentral og Vang folkebibliotek mykje snadder denne hausten.
Kremtomter ute for sal
28. jul 2015
Eit felt med totalt elleve tomter på 2–2,5 mål er no lagt ut for sal på Åsvang. Utsikt og soltilhøve er av aller beste slag og fire av elleve tomter er allereie tinga bort.
50-årsjubileum for Øye stavkyrkje
27. jul 2015
I sommar er det 50 år sidan Øye stavkyrkje blei vigsla på nytt av dåverande biskop Alex Johnson. Søndag den 2 august blir det jubileumsgudsteneste.
Ny opplevingsbedrift
22. jul 2015
Lagbygging, femkamp, lågterskelaktivitetar og fjellføringar er kva «Berg aktiviteter», den nye opplevingsbedrifta i Vang tilbyr.
Gratis tur langs Kongevegen
30. jun 2015
Fem bedrifter i Vang og Lærdal har gått saman om å tilby ein firedagars familietur langs Kongevegen over Filefjell. For å teste ut turen skikkeleg tilbyr dei no fire personar å teste pakka gratis.
Kongevegløp og familiedag på Filefjell (1)
23. jun 2015
Det nystarta «Kongevegløpet» og aktivitetar gjennom heile dagen er hovudingrediensane for årets familiedag på Filefjell.
Festdagar i Vang
18. jun 2015
Den aller første «Øyefestivalen» vart eit høgdepunkt for dei aller yngste i bygda denne veka. Samstundes har det vore «rullatortreff» for dei aller eldste.
Veg i fokus på næringsfrukosten
17. jun 2015
Statens Vegvesen og Hæhre var på plass for å informere om vegutbygginga over Filefjell på næringsfrukost i Vang onsdag. Dei vart møtt av nesten tretti næringsdrivande med mange spørsmål.
Ny næringsutviklar
11. jun 2015
Næringsutvikling er hovudnøkkelen for å auke folketalet i kommunen og Innovangsjon søkjer no etter ein framoverlent person til 100% stilling som næringsutviklar.
Hjartestartar til Tveit
11. jun 2015
Tveit stadion og FK Vang er no rusta for det verst tenkjelege – ein hjartestartar er nemleg på plass, gjeve av Vang Sparebank.
Ny festival
08. jun 2015
Med Ragnhild Hemsing på toppen av festivalplakaten inviterer barnehagen i Øye til den aller fyrste «Øyefestivalen» tysdag 16. juni klokka 17:00. Alle inntektene går til «Barnekreftforeningen».
Ny Innovangsjonsminister
03. jun 2015
Hallgrim Rogn (30) tek over som «Innovangsjonsmininster» frå 6. juni.
Postkassane er tømt
28. mai 2015
Stor spreiing er stikkordet for innspela som har kome i postkassane plassert rundt om i kommunen.
Full fart på Farmendagen
28. mai 2015
Næringslivet i Ryfoss veks, det same gjer Farmendagen som har breiare program enn nokon gong før. Laurdag 13. juni er det klart for kurvkåring og aktivitetar heile dagen til ende.
Vang kyrkje 175 år
20. mai 2015
Vang kyrkje vart vigsla for 175 år sidan, den 9. april 1840. I pinsehelga blir det jubileumsfeiring over tre dagar.
Framtidstru frå Vang
20. mai 2015
– Vi ynskjer å syne at ein liten plass som Vang er liv laga, fortel styreleiar i Innovangsjon, Torstein Lerhol i høve at «Vangsfilmen» no lanserast.
1651 innbyggjarar i Vang
19. mai 2015
Folketalet i Vang er oppe på 1651 innbyggarar. Så høgt har ikkje folketalet vore sidan hausten 2001. – Dette er særs positive tal for kommunen, seier styreleiar i Innovangsjon, Torstein Lerhol.
Fullt hus
11. mai 2015
– Finn di nisje og ikkje gjer akkurat det same som alle andre, oppmoda lokalmatsjef i Norgesgruppen, Eivind Hålien, på tampen av sitt innlegg under fredagens matseminar på Haukåsen.
Dronepilot
05. mai 2015
Ivar Søndrol (56) har orden på både utstyr og papir når han no startar som «dronepilot» med moglegheit for å ta film og foto frå lufta.
Folkemøte kommunereform
29. apr 2015
– Då eg starta i Vang kommune for tretti år sidan var posten og fast-telefonen våre einaste kjelder til kunnskap vi sjølve ikkje hadde. Då kunne ein hatt noko att for å vera større fagmiljø. No er den nyaste forskinga fire tastetrykk unna, og primærhelsestilbodet lyt same kva utførast der folk er, så eg meiner ei kommunesamanslåing ikkje har noko føre seg, seier fysioterapaut Bjørg Olimb.
Folkemøte om kommunereform
21. apr 2015
28. april inviterer arbeidsgruppa som jobbar med kommunereform i Vang til folkemøte på VBU.
Offentleg badstove
14. apr 2015
Hausten 2014 tok NTNU kontakt med Vang kommune og Innovangsjon for å sjekke moglegheitene for eit samarbeid. No på fredag står ei open og offentleg badstove klar nede ved Vangsmjøse, til glede for både vangsgjeldingar og besøkjande.
Postkasser
31. mar 2015
Postkasser er sett opp i Ryfoss, Vang og på Tyinkrysset for at alle skal få kome med sine innspel i kommunereform–debatten her i Vang.
Kulturskulen med fleire nye tilbod
24. mar 2015
Kulturskulen i Vang har mange flotte tilbod, og i år er det enno fleire enn før!
Mønstringskonsert
23. mar 2015
Mønstringskonsert den eine fredagen og basar den andre – det skjer mykje i kulturlivet her i Vang no i mars.
Debatt kommunereform
19. mar 2015
- Om det at ordføraren no får vigsle par er den einaste nye oppgåva på veg til storkommunane, kan eg ikkje seie eg er særleg overbevist, konkluderte ordførar Vidar Eltun mot slutten av kommunereformdebatten i Vang.
Kva vil vi med Vang?
10. mar 2015
Vil vangsgjeldingen behalde Vang som eiga kommune eller ynskjer han å slå seg saman med andre? Det er kva denne arbeidsgruppa skal finne ut i løpet av 2015.
Aktivitetshgelg på Eidsbugarden
09. mar 2015
Toppturer og kiting hele helga til endes står på programmet når Eidsbugarden Hotell ber inn til «kite– og randonne–weekeend» i samarbeid med Tyin aktiv denne helga.
Sterkt VM av Lasse
05. mar 2015
Lasse Skøre frå Vang fekk med seg bronsemedalje frå junior–VM i telemark.
Førti på fredagskos
02. mar 2015
Ein god blanding av vangsgjeldingar og hyttefolk samla seg til fredagskos i Varmestøga på Tyin–Filefjell fredag.
Planstart for Tyinkrysset
24. feb 2015
Fredag 27. februar er det ope møte i auditoriet på VBU i høve ny kommunedelplan for Tyinkrysset.
Matmøte
23. feb 2015
Lokalmatleverandørane i Vang fekk gode innspel og vart samde om ein lokal matveg vidare under fellesmøtet i førre veke.
Aksjon for Kvamskleiva
16. feb 2015
Det vart bråstopp ved Kvamskleiva for samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen på tur gjennom Vang måndag. Byggjestart i 2016 er kravet frå aksjonsgruppa.
Produsentmøte
10. feb 2015
Med eit mangfald lokalmatprodusentar av aller høgste kvalitet er «megatrenden» med kortreist mat positivt for landbruket i Vang. Kan ein gjennom samarbeid gjera eit lyft på marknadsføring og distribusjon?
Strikkehelger
09. feb 2015
Med Haukåsen og stølen i Herredalen som arena dreg Sølvi Havro i gang fleire strikkehelgar dette halvåret.
Snøfilm
30. jan 2015
På grunn ruskete vindvarsel er Snøfilm sett ut to veker til helga 20.–22. februar.
Vårprogram
28. jan 2015
Kvalitet over heile fjøla er den beste skildringa av vårprogrammet til Vang Frivilligsentral og Vang folkebibliotek.
Kongevegen
28. jan 2015
Kongevegen over Filejfell vann «vakre vegers» pris for 2014. Ei vandring langs vegen vert skildra som ei unik oppleving av den fagtunge juryen frå Statens vegvesen.
Kartutstilling
19. jan 2015
Unike kart over Kongevegen over Filefjell synast fram Vang folkebibliotek denne våren. Onsdag 21. januar er det klart for utstillingopning med foredrag, hardingfelespel og kringle.
Friluftslivets år i gang
15. jan 2015
Med grilling, naturstig, ordførarbål og 15 uteovernattarar vart «Friluftslivets år» opna i Vang tysdag kveld.
Makalaus design
14. jan 2015
Monica Søndrol har teke steget og starta opp bedrifta «Makalaus design». Ho tilbyr alt av design til bedrift– og privatmarknaden og held hus i #Føssefotostudio.
Nye bustader
12. jan 2015
Prisgunstige og moderne tomannsbustader er sals–klare både i Ryfoss og på Bøaflata i Vang. 

– Så fort vi har selt ein leilegheit startar vi å byggje den fyrste bustaden, fortel Odd Magne Grythe, dagleg leiar hjå den lokale entreprenøren Tveitabru bygg
Klart for Jotnerock
09. jan 2015
Lokale heltar frå Vang, Øystre Slidre og Årdal deler scene med den platinaseljande rap-duoen «Robin og Bugge» under årets Jotnerock på Torsheim 16. januar.
Ny lysløype opna
09. jan 2015
Den utvida lysløypa på Åsvang vart opna av Ordførar Vidar Eltun på vinterens fyrste lysløyperenn onsdag. – Dette syner at både skigleda og dugnadsanden lev godt i Vang, slo ein nøgd ordførar fast foran nesten 100 skiløparar.
Utekveld på Åsvang
08. jan 2015
«Friluftslivets år» startar i Vang med aktivitetskveld og uteovernatting på Åsvang tysdag 13. januar. Ordførar Vidar Eltun stiller opp og skal som nesten 200 andre kollegaer rundt om i landet overnatte ute.
Næringsstipend
06. jan 2015
Vang kommune opprettar eit næringsstipend som gjev nystarta bedrifter i Vang høve til støtte på 10 000 kroner.
Næringsutviklaren
02. jan 2015
I september flytta Bjørn Henrik Stavdal Johansen til Vang og byrja som næringsutviklar i Innovangsjon. – Eg høyrde fleire som meinte eg kom til å treffe på mykje vrange folk i starten, men dei har eg ikkje møtt nok av enno, så dei lyt gøyma seg godt.
Låve Kvismoen
22. des 2014
Tett opp mot E–16 ved Kvismoen ligg ein stor låve – perfekt for næring!
#Føssefotostudio
16. des 2014
Cathrine Dokken og Christine Støa Stokkebryn har nett har opna eige fotostudio i Ryfoss og Vang har dermed fått både privat– og reklamefotograf til kommunen.
Juleåpning på Filefjlell
09. des 2014
Da var juleåpningen på Filefjell over for i år og arrangørene rapportere om en strålende dag!
Positivitetsprisen
05. des 2014
Etter mange år som sjølve motoren sør i bygda vart Tom Kjetil Tørstad frå Høre heidra som «Årets positive vangsgjelding» som ei finale på bokkvelden i Vang onsdag.
Pepperkakekonkurranse
02. des 2014
Er du særleg glad i å bake pepperkake kan du no bake deg til 1500 kr ved å levere dine finaste pepperkaker bidrag til Vang sparebank innan 3. desember.
Vangskalendaren i sal
28. nov 2014
Vangskalenderen er i sal for sekstande året på rad. Med historiske bilete frå alle kantar av Vang er dette ei fin-fin julegåve som også støttar opp om to av våre frivillige lag.
Julegata opnar i Ryfoss (1)
24. nov 2014
Godt samarbeid mellom handel og foreiningsliv syter for eit solid program på årets julegateopning i Ryfoss fredag 28. november.
Klart for julemarknad i Øye
18. nov 2014
Denne helga er det klart for førjulsmarknad på Øye skule. Tradisjonsmat, tekstil, husflid og mykje anna er å få kjøpt.
Tyin–Filefjell opnar heisen
17. nov 2014
Som eit av dei fyrste alpinanlegga i landet startar Tyin–Filefjell opp heisane sine fredag 21. november. 700 meter alpinbakke, pluss barnetrekk, er klart til opninga.
Konstruktive hytte-eigarar
12. nov 2014
Den urørte naturen, både sumar og vinter, er det verkeleg store trekkplasteret for hyttefolket i Vang. Det kom fram i ei omfattande hytteeigarundersøking gjort i vår og sumar som eit samarbeid mellom Innovangsjon og fleire velforeiningar.
Mange nye på «Fredagskos»
10. nov 2014
Vel femti vangsgjeldingar valte pizza, quiz og sosialisering på Mjøsvang då haustens siste «Fredagskos» vart arrangert. Ekstra artig var det med dei mange nye fjesa som møtte opp.
Vangsgenseren i barnestørrelse
03. nov 2014
Strikkesuksessen «Vangsgenseren» har etter mange oppmodingar no kome i størrelser for ungar.
Bulystfilm
28. okt 2014
Mange busette flyktningar dreg frå bygda mot byane etter at dei obligatoriske åra med introduksjonskurs er avslutta. I Vang jobbar ein for å snu trenden gjennom bulystprosjektet «Integrerande arbeidsliv».
Haustutstillinga søkjer bidrag
02. okt 2014
Film i alle formar og variantar er kva kunstutvalet i Vang ynskjer seg til årets «haustutstilling».
Har du hus til utleige?
15. sep 2014
Har du hus, leiligheit eller tomt til utleige eller sal i Vang er vangivaldres.no plassen å leggja det ut.
Nye nettsider for Vang
15. sep 2014
Velkommen til nye vangivaldres.no.
Ny næringsutvikler
15. sep 2014
Bjørn Henrik Stavdahl Johansen er tilsett som ny næringsutvikler i Innovangsjon.
Klare signal om sentrum
14. sep 2014
Betre kontakt med Vangsmjøsa og ingen vegtrase i strandområdet var dei to tydelige signala frå bebuarane i Vang på folkemøtet om sentrumsutvikling måndag.
«Alt» skjer i Vang
05. sep 2014
Onsdag kveld var representantar for 25 av over 40 frivillige laga og foreiningane i Vang samla på biblioteket for informasjonskveld.
Vangsgenseren er kåra
03. aug 2014
No kan du kjøpe garnpakke med mønster og strikke din heilt eigen «Vangsgenser».
Masteroppgåve om Innovangsjon
04. jun 2014
Nærheit til naturen og eit godt oppvekstmiljø er det potensielle tilflyttarar til Vang set aller høgast i fylgje Gunhild Rogstad Storsæter si masteroppgåve om Innovangsjon.
Vangtrøyer til sals
01. mai 2014
Tre versjonar av t-skjorter med vangsmotiv er no ute i ein butikk nær deg!