VangsWiki

Vangsmjøsa og Grindadn (1724 moh.) - dei to viktigaste landemerka i Vang. Foto: Ida Ask.

Vang i Valdres

«Vestlandsfjell og Austlandsklima» er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tilleg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. 

Fyrst, her har du nokre harde fakta om Vang: 

Ordførar: Vidar Eltun (AP)
Innbyggjartal: 1618 (pr. 15/05-2014)
Areal: 1 505,24 km²
Høgste punkt: Vestre Kalvehøgde (2 208 moh.)
Lågaste punkt: Lomendeltaet (363 moh.)
Største innsjø: Bygdin (39,89 km²)
Målform: Nynorsk
Nabokommuner: Vestre Slidre, Øystre Slidre, Vågå, Lom, Luster, Lærdal, Årdal, Hemsedal.

Ein mindre god ting ved vangsgjeldingen er særs velutvikla evna til å skryte av eigen kommune...

Her finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarvheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og alle den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde.

Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Då er det klart det er lett å prate høgt om kor bra Vang er.

Fleire fakta om Vang

Vang er sentralt på ein litt usentral måte. Det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg. 

Sjå deg rundt her på nettsida - finn du ut det du undrar på om Vang? Om ikkje - kontakt ein av oss på høgre hand her på sida. 

Vang i gode gamle dagar

Nokre hendingar har sett større spor enn andre i Vang. Og då snakker vi ikkje berre om når EU-kua var som heitast i 94´eller når Aasmund Olavsson Vinje bygde den aller fyrste hytta på Eidsbugarden. Her er eit lite utval ført i pennen av lokalhistorikar Sigfred Hovda. 

Dei fyrste vangsgjeldingane

Dei fyrste teikn til menneskeleg aktivitet finn me i høgfjellet ved Tyin og Sulevatna. For 8-9000 år sidan tok fjellviddene til å vera isfrie medan isen var hundremetertjukk nede i dalane. Før Tyinreguleringa fann arkeologane steinalderbuplassar som no delvis ligg under vatn.

Båt og ski

Under grøftegraving ved Hemsingbrune vart det på ein meters djup i myra funne eit fint forma båtspant som er datert til fyrste hundreåra e.Kr. (Finst i Heibergske samlingar i Sogndal) Noko som tyder på at vangsgjeldingane alt då må ha vore eit «farande folk», er at i ei myr utanfor Bergen er det funne eit båtspant av omtrent same utforming. Det kan ikkje vera tilfeldig. I osen av Otrøvatnet er det funne delar av ei ski frå 8-900talet. (På Skimuseet i Holmenkollen) Dette er eit av dei eldste ski-funn i landet.

Olav «den heilage» og stavkyrkjene

I 1023 kom Olav med sine menn over Filefjell og skulle kristne dei strie heidningane i Vang. Det  greidde han ikkje før han hadde brent heile bygda, fortel Snorre Sturlason. Kristninga førde i alle fall til at me på 1200-talet fekk 4 stavkyrkjer, Høre, Vang, Øye og St. Tomas på Filefjell. Berre gamle St.Tomas er borte for alltid. Høre har vore i samanhengande bruk frå 1180. Øye stavkyrkje vart attfunnen etter ca. 190 år under golvet i nykyrkja frå 1747 og er atterreist. Vang stavkyrkje vart seld til kongen av Preussen i 1841 og står no i ei fjellbygd i Polen og er stor turistattraksjon.

Folketalet

Før utvandtinga til Amerika tok til midt på 1800-talet budde det nesten 3000 menneske i Vang, bortimot dobbelt så mange som no. Då forstår me at svært mange måtte livnære seg på skrinne og fattigslege husmannsplassar, som det var mange av.

Elektrisk kraft

Det var ei storhending i Vang då det på vårparten 1941 kom lys og elektrisk kraft inn i alle heimar. Men mange var forsiktige med å tinge straum. Den minste straumkunden ville ha 25 watt, nok til ei lita lyspære. Brukte han meir straum, så «vippa» det og vart mørkt. Etter kvart som folk forsto nytta, kom det kokeplater og komfyrar, og karane skulle ha motor til kappsag og treskeverk. Eige kommunalt kraftverk og mange regulerte vatn, gjev mynt i kommunekassa.

Kontaktpersonar

Vidar Eltun
Vidar Eltun - ordførar (AP), lærar, humorist og fotballfantast er nokre av betegningane som passar godt til sjefen over alle sjefar i Vang.

Send e-post

Hallgrim Rogn
Etter nokre år utanfor skigarden er journalist og sprettball Hallgrim Rogn tilbake i Vang der han no har fått draumejobben som Innovangsjonsminister og kan jobbe fulltid for å gjera Vang til ein attraktiv plass å bu. TLF: 412 22 769

Send e-post

Dag Inge Bruflot
Med bakgrunn får internasjonalt næringsliv (Ikea, Acer) flytta Dag Inge Bruflot til Vang sumaren 2015 og byrja i jobben som næringsutviklar i Innovangsjon. Anten du driv næring i bygda, vurderer å starte opp noko eller berre treng ein å diskutere ideen din med, er Dag Inge mannen å kontakte. TLF: 958 73 757

Send e-post

Innovangsjon

Samvirkeføretaket Innovangsjon står bak nettsida vangivaldres.no. Innovangsjon arbeidar med næringsutvikling, møteplassar, bustader og blest - med eit overordna mål om at Vang kommune innan 2020 skal ha 1724 innbyggjarar. Tilfeldigvis same tal som høgda på bygdefjellet Grindadn.