Innovangsjon SA har stått bak nettsida vangivaldres.no. Ansvaret er no overført til Vang kommune.
Innovangsjon såg dagens lys i 2011 i kjølvatnet av miljøet kring festivalen Vinjerock som vert arrangert på Eidsbugarden i Vang.
Ein god gjeng med unge og eldre ungdom var særs motivert for å forme si eiga framtid. Valdres Sparebank og Vinjerock gjekk inn på eigarsida, mens kommunestyret i Vang gjekk inn med støtte til drifta i løpet av hausten.
Heile satsinga vart sparka i gang med ein «Innovangsjonsdag» i september 2011.
Grunntanken med heile Innovangsjon er å skru Vang til det vesle ekstra kneppet som gjer at både folk, bedrifter og gjester finn det dei er ute etter her.
Innovangsjon jobba aktivt med arbeidsplassar, bustader, blest og møteplassar. «Fredagskos» var ein populært møteplass, som vart arrangert nokre fredagar i året. Arrangementet flytta seg rundt frå plass til plass, og ved siden av god mat, stod som regel ein liten quiz og mykje prat på programmet.
Innovangsjon la det drifta i 2024 og avvikla selskapet i 2025. Vang kommune tar over ansvaret for nettsida, facebooksida og instagramprofilen ved årsskifte 25-26.