Korleis skaffe arbeid

Ein liten guide til arbeidsmarknaden i Vang

OK. Vang er der du vil bu, men du er usikker på om det er arbeid å få for deg i kommunen. Her er nokre tips frå næringsutviklar i Innovangsjon, Dag Inge Bruflot.

– I fyrste runde gjeld det å sjekke ut ledige jobbar og vurder om du skal kontakte bedrifter direkte der du har noko å bidra med, fortel Bruflot. 

jobbsidene ligg også oversikt over alle jobbar som har vore lyst ut tidlegare dette året. Det kan gje eit godt bilde av kvar det er mest rekruttering.

Bruflot understrekar at det også ligg godt til rette i Vang for å realisere din eigen bedrift, om det er eit alternativ.

– Vang er ei gründerbygd der du raskt har eit miljø rundt deg og tett oppfølging same kva du vel å satse på.

Arbeidskraft vi treng meir av i Vang

Det er også fleire typar kompetanse det er eit løpande behov for i Vang, sjølv om det ikkje er lyst ut ei stilling akkurat no.

  • Seljarar. Særleg med kompetanse på data og sosiale medium.
  • Sjukepleiarar
  • Byggingeniørar
  • Formenn/arbeidsleiarar
  • Bilmekanikarar
  • Rørleggjarar
  • Sesongarbeidarar i reiselivet

Sit du på noko av denne kompetansen og kan tenkje deg å bu i Vang? Ta kontakt med næringsutviklar Dag Inge (daginge@vangivaldres.no // 95873757), så set han deg i kontakt med relevante bedrifter.

Om du har helsefagleg kompetanse og ser etter jobb i kommunen, ta kontakt med personalkonsulent Solfrid Jordalen (Solfrid.Jordalen@vang.kommune.no // 61 36 94 18)

«Ta steget»

Har du prøvd alt men framleis ikkje landa jobb i Vang, er det framleis verdt å tenkje på Vang.

– For dei aller fleste løyser det seg med arbeid i løpet av kort tid etter at dei har flytta til Vang.«Ta steget», sats på Vang, her er mange som jobbar for at du skal lukkast seier Bruflot.

Det kan vera greit å ta med i reknestykket at sjølv i periodar med låg inntekt er det høve for å klare seg godt i Vang. Ofte er det temmeleg rimelege bustader på leigemarkanden.

– Eit lågt bustadlån eller låge leigeutgifter gjev ein viss fridom til å ta ei sjanse, og nokre gonger i livet er det å ta ei sjanse det rette å gjera.

Bu i Vang, jobb i verda

Eit anna alternativ er å bu i Vang og jobbe andre plassar. Vang har barnehageplass til alle, landets beste skulefasilitetar, vestlandsfjell kombinert med austlandsklima og særs mykje bra folk.

I tillegg er det godt tilgang på tomter, mykje på gang i sentrum, eit prosjekt for å få gardar/småbruk ut på marknaden, samt god oversikt over både utleige og sal her på vangivaldres.no.

– Etter 20-60 minutt i bil har du tilgang til arbeidsmarknaden som Beitostølen, Fagernes, Lærdal eller Årdal og då seier det seg sjølv at moglegheitene vert større, seier Bruflot.

Det er også fleire som vel å bu i Vang og pendle til skiftarbeid eller oppdrag rundt om i landet.

Kontaktpersonar

Dag Inge Bruflot
Med bakgrunn får internasjonalt næringsliv (Ikea, Acer) flytta Dag Inge Bruflot til Vang sumaren 2015 og byrja i jobben som næringsutviklar i Innovangsjon. Anten du driv næring i bygda, vurderer å starte opp noko eller berre treng ein å diskutere ideen din med, er Dag Inge mannen å kontakte. TLF: 958 73 757

Send e-post