Ny i Vang?

Ny i Vang?

Er du ny her? Send ein e-post eller slå på tråden til Innovangsjonsminister Hallgrim. Vi har ein variert bukett med folk som er klare for ein kaffikopp og ei innføring i laust og fast om bygda du har flytta til. 

Poenget er å få nokre fleire kjente fjes i kommunen, rett og slett koma seg «under huda» på bygda raskare enn du elles ville gjort.  

Som ny i Vang er du også invitert gratis til neste «Fredagskos». Dette skjer eit par gonger i halvåret og er enkelt og greitt ein kveld der mat, drikke, quiz og sosialisering står i fokus til fordel for Skavlan og sofa. Såpass lyt ein klare.


Kontaktpersonar

Hallgrim Rogn
Etter nokre år utanfor skigarden er journalist og sprettball Hallgrim Rogn tilbake i Vang der han no har fått draumejobben som Innovangsjonsminister og kan jobbe fulltid for å gjera Vang til ein attraktiv plass å bu. TLF: 412 22 769

Send e-post