Ungane har brukt barnehagen ei vekes tid allereie, men onsdag 14. oktober opna Fredheim barnehage offisielt.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Fredheimopning

Fredheim barnehage opna

14. oktober 2015

Nytt og gamalt er kombinert for å gje borna ei best mogleg kvardag på Fredheim barnehage som opna offisielt onsdag morgon. 


– Det har vore ein lang prosess med ungane i fokus heile vegen. Dei bryr seg ikkje om alt vi vaksne diskuterer, høvet til å leike med vennane sine er det viktige for dei. Og no ligg her ligg det særs godt til rette på alle måtar for gode dagar her, sa barnehagestyrar i Vang kommune, Yvonne Solemsli Meland under opninga.

Ellers var både hovudentrepenør Sanne Hauglid, prosjektleiar Harald Bjerknes, skule– og kultursjef Jon Eggen og ordførar Vidar Eltun på talelista, mens Dorna stod for sanginnslag.

Etter at orføraren hadde klypt snora og syta for denn offisielle opninga, baud han saman med Anne Lajord Belsheim og Arne Belsheim på ei iscenesetjing av livet til Tindulf Grindo og Langbein Rise. Dei mest kjende av alle trolla i Vangsjfella. Noko både dei aller yngste og dei litt eldre humra godt til.

Dagens mest populære gåve, ein trøtraktor med hengar, kom for øvrig frå hovudentrepenør Sanne Hauglid. Den forsvann ned bakken med ivrige ungar både på og bakom, allereie før han var overrekt. 

Opninga vart avslutta med omsyning inne, samt kaffi, kaker og rundstykke til ungar og vaksne.