Nyheit

Fyrste sommar med «Utegris fra Vang»

  Nyheitsarkiv
17. aug 2018
  • Raymond Holien Eltun lanserer «Utegris fra Vang» denne hausten og har hatt 25 gris på stølsbeite i Skakadalen heile sumaren.
  • Grisegodt liv, ikkje sant?
  • Grisane i Skakadalen har eit stort stølsjorde med vier, einer, røtter, gjørme, gras, carport og eigen badestrand.
  • Raymond henter gulrøter i Lærdal som grisane elsker og stølskosten inneheld generelt sparsomt med kraftfor.
  • Gris er moro for ungane!
  • Mykje aktivitet og mykje kvile er stikkord for griselivet i Skakadalen.
25 grisar på stølsbeite i Skakadalen

Raymond Holien Eltun frå Øye utvidar gardsdrifta med griser på stølsbeite i Skakadalen denne sommaren. 


På forsumaren kom 25 grisar til Skakadalen der dei går på eit seksti mål stort stølsjorde der Skakadalsåne syter for vatn og leikeplass mens Eltun har sett opp eit lebygg, matstasjon og fiksa ny gjerding.

– Dei fyrste par dagane var det ikkje mange meter dei klarte å gå før dei velta seg over på sida for ein pust i bakken. No har det vorte spretne utegrisar av heile flokken og spring rundt på alle seksti måla her, fortel sauebonde og no også grisebonde, Raymond Holien Eltun.

Han tykkjer det artig å utvide drifta med noko som er heilt nytt for Vang og han er spent på korleis marknaden er for «Utegris fra Vang».

Gulrøter framfor kraftfor

Stølskosten består av gras, gulrøter, vier, elvevatn og noko kraftfor.

– Eg kunne gjeve gass på kraftforet og fått grisene så tjukke som mogleg, men det harmonerer ikkje heilt med tanken bak utegris. Difor får dei sparsamt med kraftfor og meir av alt det andre, fortel Eltun

Aller best likar grisane gulrøter som Raymond hentar over i Lærdal.

– Det er gulrøter som bonden elles lyt kaste, men feil form og småskader bryr ikkje akkurat grisene seg særleg om. Dei kjem pilande frå alle kantar av jordet når dei skjønar det er gulrøter på gang.

Rett til kunde

Sommaren i år er ein test på korleis det er å ha gris i fjella her og korleis marknaden er for utegris frå Vang.

– Målet er å ha femti-seksti gris her etter kvart og selje alt kjøt direkte til privatpersonar og serveringsstader, fortel Eltun.

Han har oppretta ei facebookside for å vise griselivet i Skakadalen og på sikt vert det også eigen heimeside.

– Line og Kjell Gudmund i Tyinlam har vore til god hjelp både for å finne eit namn og få synt fram grisene til verda, fortel Raymond som set stor pris på støtta frå andre bønder i bygda.

Vil du ha ein heil eller halv «Utegris fra Vang» ferdig partert og pakka levert på døra denne hausten?

Send ein e-post til raymond_tun@hotmail.com eller ring på tlf: 99239547