Nyheit

Klart for haustutstilling

  Nyheitsarkiv
17. okt 2017
State of the flesh

28. oktober kl 13.00 opnar årets Haustutstilling på Vang folkebibliotek med Solveig Ane Kirkaune Øksendal.

Øksendal er utdanna frå Kunstakademiet i Trondheim, og arbeider med figurativ teikning, skulptur og installasjon i eit narrativt biletspråk som balanserer mellom det vakre og det groteske. Sentrale tema er kropp, kjøn og seksualitet. Særleg kvinna som avbildingsobjekt opp gjennom tidene, både i kunsthistoria og populærkulturen, er viktige referansepunkt.

Med psykologiske undertonar, uredd bruk av symbolikk og svart humor arbeider Kirkaune Øksendal strek for strek med blyant på papir, i store format. Dei seinare åra har ho også dratt teikningane ut av rammene, som tredimensjonale skulpturar. Ved Haustutstillinga i Vang viser ho heilt nye arbeid produsert ved Nordisk Kunstnarsenter Dale i Sogn og Fjordane sommaren 2017.

Utstillinga blir ståande til midten av januar, og kan besøkast i biblioteket si opningstid. På opninga vil kunstnaren vere tilstades, og det blir servert lokalmat. Vel møtt!