14242476_1574896969194452_4359619365083915437_o.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Klart for ny fotballturnering i Vang

Klart for ny fotballturnering i Vang

13. juni 2017

Laurdag 23. september er det på nytt klart for fotballturnering på Tveit i Vang.  Mottakssenteret, FK Vang, frivilligsentralen og Innovangsjon står bak turneringa som no blir arrangert for tredje gang.

- I fjor hadde vi med 6 lag, og det var veldig god stemning og mange morosame kampar. Vi håper å få med enno fleire i år, seier engasjerte arrangørar.

Turneringa er ope for alle, og vi oppmoder bedrifter, grender og venner til å danne lag. Vi speler med 7-erlag, og ønsker spesielt å oppmode fleire damer til å bli med.

- For å få med fleire premeiere vi alle damer med ein gratis straffe pr kamp, seier leiar i FK Vang Randi Sandhaugo.

Mottaket v/Rene van den Berg er klar for å servere grillmat til både spelarar og tilskodarar, og vi oppmodar sjølvsagt heile bygda til å kome og heie på sitt favorittlaga.

I fjor vart det laga til ein flott vandrepokal - eit rosemåla mjølkespann. Spannet har sidan då stått på Mjøsvang kafé der delar av vinnarlaget 'Team outsiders' held til.

- Vi er klare for å forsvare vandrepokalen og gler oss til ny kamp! seier Hanne Fjeld. Det er berre å sette av dagen og danne lag!

Påmelding til frivilligsentralen@vang.kommune.no