Nyheit

Kvamskleiva viktig for nasjonal beredskap

  Nyheitsarkiv
04. sep 2018
  • Bjørg Olimb, Tone Grønning Lajord, Vidar Eltun og Arve Wangensteen i aksjonsgruppa for tunnel i Kvamskleiva er tydelege på at tunnelen er viktig for den nasjonale beredskapen.
  • To store bilar som møtast er alt som skal til for full stopp i Kvamskleiva. Ein uholdbar situasjon.
  • Kvamskleiva vinter 2017/18 - full stopp for all trafikk aust/vest.
Siste proppen langs E-16

Dei dagane i året E-16 over Filefjell er einaste farbare veg mellom aust og vest er Kvamskleiva plassen det vert trafikk-kaos. – Heilt unødvendig, meiner aksjonsgruppa for tunnel i Kvamskleiva.

– Vi trur Kvamskleive har vorte dytta på så mange gonger fordi rikspolitikarane ikkje heilt ser like alvorleg som oss lokale på at det stadig går stein- og isras her. Difor er beredskapsfaktoren saman med tryggleiken og økonomien i det å ha ein farbar veg mellom Austlandet og Vestlandet 365 dagar i året noko vi kjem til å køyre hardt i tida som kjem, fortel ordførar i Vang, Vidar Eltun.

Saman med Tone Grønning Lajord, Bjørg Olimb og Arve Wangensteen i aksjonsgruppa for «Tunnel Kvamskleiva E 16 - start nå !!!!» var dette konklusjonen i fyrste møtet no i haust.

Kvamskleiva har nemleg hatt høgast prioritet på E 16 i Valdres i over 10 år, men har ikkje fått pengar til utbygging. I nasjonal Transportplan (NTP) for 2018-29, ligg det an til bygging i 2024. Ny NTP som skal gjelde frå 2022-33 skal vedtakast i Stortinget 2021 blir arbeidd med no, og målet om å framskunde bygginga er soleklart hjå aksjonsgruppa.

Ny minister

Med Jon Georg Dale på plass som ny samferdselsminister ligg det an til Oslo-tur på delar av gruppa så snøgt som råd.

– Vi tek kontakt ved fyrste høve og skal syte for at han får så grundig informasjon som mogleg. Vi er overtydd om at det er mogleg å framskunde tunnelen ved å verkeleg få fram kor kritisk Kvamskleiva er dei dagane i året all trafikk aust-vest går forbi her, seier Eltun.

Sist vinter var det fleire dagar nettopp dette skjedde. Alle andre fjellovergangar var stengt og all både trailer- og persontrafikk mellom aust og vest gjekk over Filefjell. På fjellet gjekk det heilt fint, men ved Kvamskleiva var det bråstopp.

– Det er rett og slett for dumt å la dette siste kritiske punktet stå som eit usikkerheitsmoment i såpass mange år som det ligg an til no, avsluttar Eltun.

Frå før har aksjonsgruppa vore innom så godt som alle parti på stortinget med sin bodskap. Samstundes har dei tunge støttespelarar som Norsk Lastebileierforening og Næringslivets Hovedorganisasjon med på laget.