Vang Krk Okt14.JPG
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Kyrkjastengt

Vang kyrkje stengd

26. november 2015


Himlinga i Vang kyrkje held på å losne frå åsane og kyrkja er difor stengd med tidlegast opning fyrste juledag.

– Vi arbeidar me saka. Det aller viktigaste er å få sikra kyrkja skikkeleg, slik at vi kan ta ho i bruk att så snart som råd, fortel Guro Hovda på kyrkjekontoret.

Arbeidet med taket er kostbart og dette er pengar kyrkja i Vang ikkje har på bok.

– Etter at taket er sikra tek det med andre ord noko tid før det vert fullstendig reparasjon av kyrkja, informerer Hovda.

Slik det ser ut no, kan ikkje kyrkja brukast før tidlegast 1. juledag. Følg «Kyrkja i Vang» på facebook for å få siste oppdatering om arbeidet.

Planlagde arrangement i Vang kyrkje er flytta på. Kalenderen her på vangivaldres.no er oppdatert med korrekt informasjon.