Nyheit

NTNU byggjer for turfolk og turistar

  Nyheitsarkiv
17. feb 2017
  • I episke omgjevnader på Leirholshøgda er planleggiga av årets NTNU-prosjekt i Vang i gang.
  • Lærarar ved NTNU nyt utsynet frå Leirholshøgda.
  • Studentar og grunneigar diskuterar årets prosjekt.
  • Fjøset på Leirholshøgda får selskap av ny støl og rasteplass/badstove denne sumaren.
  • Lønsj i det fri.
Byggjer rasteplass og badstove på Leirholshøgda

Både turfolk og turistar kan nyte godt av årets byggjeprosjekt i regi av NTNU i Vang. Rasteplass med tilknytt badstove på Leirholshøgda er under planlegging.

– Vi fekk fleire gode forslag på bordet i fjor haust og valte å gå for denne ideen fyrst og fremst fordi prosjektering og bygging med dette utsynet og landskapet her ei perfekt utfordring til studentane våre, fortel Marius Waagard.

Han er lærar ved arkitekturstudiet på NTNU og har saman med kollegaer vore på ekskursjon i Valdres med 17 studentar denne veka.

– Vi merkar på studentane at dei vart godt gira når dei fekk sjå prosjektplassen, fortel medlærer Ina Samdal som kjem til å vera tett på prosessen fram mot ferdig resultat.

Samarbeidsprosjekt

Dette er tredje året arkitektstudiet ved NTNU byggjer i Vang. Badstova ved kommunehuset og Leikegøta ved det nye bustadområdet på Heensåsen er båe byggverk i jamn bruk.

– Samarbeidet med NTNU har vore gjevande for Vang på mange nivå og det er stas å få dei tilbake for tredje året på rad, fortel dagleg leiar i Innovangsjon, Hallgrim Rogn.

Nytt av året er endå tettare samarbeid mellom grunneigar og NTNU.

– Prosjektet er ekstremt stilig. Det er perfekt med ein rasteplass her i høve til turtrafikken i alle retningar. Ei badstove kan også vera eit turmål i seg sjølv, samstundes som det gjer stølen til eit endå meir attraktivt utleigeobjekt dei månadane i året det ikkje er støling på gamlemåten her, seier Rogn.

Reint praktisk står grunneigar for finansiering av badstovedelen, mens Innovangsjon tek ansvar for å skaffe midlar til rasteplassen. Grunneigar står også for søknad til hovedutval for utvikling i Vang om lov til å sette opp installasjonen.

– Gard og friluftsliv er i fokus for reguleringa som gjeld i dette området. Dette vert eit knøttlite og skånsamt oppført bygg med positive ringverknader for både friluftsliv og gardsdrift, så vi håper og trur søknaden går gjennom, seier grunneigar Knut Lerhol.

Bygging i mai

Til veka byrjar studentane ei intern teiknekonkurranse. I mars vert vinnarbidraget kåra og i slutten av mai kjem studentar og lærarar tilbake til Vang for å byggje.

Det er fokus på lokal materialbruk i bygginga, noko som betyr eit tett samarbeid med Norsk Massivtre og Begna Bruk i Begnadalen.

I Vang har både bank og kommune støtta siste års prosjekt, mens fleire lokale bedrifter har støtta med arbeidsinnsats. NTNU legg til saman ned fleire årsverk med dugnadsinnsats i planlegging og bygging før prosjektet står ferdig.