Nyheit

Tre prisar til Kongevegen over Filefjell

  Nyheitsarkiv
16. mai 2017
Kongevegen over Filefjell mellom Vang og Lærdal har vunnet en gjev EU-pris for sitt bevaringsarbeid. Foto: Sverre Hjørnevik
Europeisk heider

Heile tre prisar sopa Kongevegen over Filefjell med seg under Europa Nostra-utdelingen i Turku, Finnland. På plass for å representere Vang var ordførar Vidar Eltun.

I Finland var også assisterende vegdirektør Bjørne Grimsrud som mottok Europas gjævaste kulturminnepris av Placido Domingo.

– Og ikkje nok med det; me vann også Grand Prix prisen på 10000 euro for spesielt verdifullt kulturminne, fortel Eltun.

Etter denne overraskinga var den lokale delegasjonen særs godt nøgd. Men merksemda rundt Kongevegen stoppa ikkje der.

- Kongevegen over Filefjell kom på andreplass i publikumsprisen. Takk til alle som har jobba for og med Kongevegen i mange år og takk til alle som stemte på oss, avsluttar ordførar Eltun.