Reportasje

Fire veker til fjells

«Alltid mat med utsikt» er mottoet til Sunniva, Oda og Hege som bruker fire veker av sumaren på jobbtur i stignettet til Vang kommune.

– Vi gjer vårt beste for alltid å finne den beste utsikta til matpausen, slår Sunniva Heimlid fast idet dagens utsikt til matpakkeetinga er valt.

Saman med Oda Rogn Tveit og Hege Olimb Myhre har ho då gått om lag 100 meter av stigen mellom Slettefjell og Raudalen forverkeleg å optimalisere utsikta.

Dei kunne som alle oss andre berre vore på tur i varierte Vangsfjell. Men dei er på jobb. Med målingsspann, fjellsko, klyppesaks og sekk friskar dei opp merkinga langs det gamle fotefaret over toppen av Slettefjellet denne dagen.

Omfattande stignett

Stigen frå Slettefjellet til Raudalen er ein av mange stigar som Vang kommune har teke ansvaret for å merkje og halde ved like. Ved sida av desse kjem alt som Den Norske Turistforening merkjer i høgfjellet, og ein god skjerv lokalt merkte stigar. Til saman utgjer dette eit uvanleg omfattande stignett over heile kommunen.

– Vi nyttar både boka («Turar i Vang» til sals i dei fleste butikkar og på kommunehus og turistinformasjon), appen (TurApp Vang – tilgjengeleg gratis til din smarttelefon gjennom AppStore og GooglePlay) og kartet (Turkart Vang i Valdres. Utgjeve i 2001 og del av den nasjonale kartserien) for å finne fram. Men eigentleg har vi vel vorte såpass godt kjende i fjella her dei siste åra at vi stort sett kan stigane i hovudet, fortel Hege.

Saman med eit par andre utgjer dei stigryddarane i Vang kommune sumaren 2015. Kvart einaste år sidan 1997 har ein del ungdommar fråbygda hatt dette som sumarjobb. Nokre er innom ein sumar, men mange bruker eit godt knippe sumarveker i fjellet gjennom ungdomstida.

Etter nokre år utanfor skigarden er journalist og sprettball Hallgrim Rogn tilbake i Vang der han no har fått draumejobben som Innovangsjonsminister og kan jobbe fulltid for å gjera Vang til ein attraktiv plass å bu.
TLF: 412 22 769

Stignettet

Ein kvit V på varden i fjellet og kvitmåla treklossar i skogsterreng betyr at Vang kommune held stigen ved like. TurAppVang, boka "Turar i Vang" og "Turkart Vang i Valdres" er alle gode hjelpemiddel for den som skal på tur i kommunen. 

Får dekt turbehovet

Det er fyrst og fremst vedlikehald som står på planen gjennom vekene med sumarjobb i fjellet. I høgfjellet betyr det at vardar vert sette opp att, og at den kvitmåla V-en får eit nytt strøk med penselen. I skogsterreng er det klypping av kvist og opphenging av nye «kvite klossar» som tek mest tid. Det vert med andre ord mykje lemping av stein og mange mil med fjellsko i løpet av ein sumar.

– Vi får dekt turbehovet på jobb, for å seia det slik, seier Oda.

– Ja. Det er ikkje same behovet for å springe på tur ettermiddag, kveld og helg, stemmer Sunniva i.

Sjølv om dei er slitne etter lange dagar i fjellet, kunne ingen av dei tenkje seg å gjera noko anna.

– Variasjonen mellom det majestetiske i Jotunheimen, stølslandskapet og dei kuperte skogsstigane gjer fire veker på jobb som stigryddar i Vang til den aller beste sumarjobben, meiner Hege.

Variasjonen mellom det majestetiske i Jotunheimen, stølslandskapet og dei kuperte skogsstigane gjer fire veker på jobb som stigryddar i Vang til den aller beste sumarjobben. - Hege Olimb Myhre
Småprat og store steinar

Dagens arbeidsøkt byr stort sett på måling og vedlikehald av vardar. Det betyr at Sunniva med målingsspannet har mest å gjera, mens dei to andre får dei tyngste løfta. Etter fleire år i faget er dei stort sett einige om kva som krevst av ein god varde og eit tydeleg V-merke. Praten går difor mest om alt anna enn arbeid.

– No er vi kanskje litt langt framanfor, kommenterer Hege idet ho brått ser at Sunniva står på kne ved ein varde eit par hundre meter lenger bak.

Neste varde dei kjem til, er i såpass dårleg forfatning at Sunniva får god tid til å hente inn att forspranget mens Oda og Hege lempar på ein stein på grensa mot kategorien «kampe». Den kjem på plass, og turen held fram i samla flokk. Trass i tunge løft er dei einige om at turane i høgfjellet er lettare enn dei i skogsterreng.

– Mange vardar held seg bra, og då vert det stort sett måling. Norge og Vang veks att, og det merkar vi langs skogsstigane, for å seie det enkelt. Det tek fort dobbelt så mykje tid på kilometeren å halde desse stigane ved like, fortel Oda.

Og så er jo jobben med å finne høveleg utsyn for matpausen langt lettare i fjellet, stemmer Sunniva i med eit glis.

Stignettet i Vang har blitt halde ved like av lokale ungdommar kvar sumar sidan 1997.