Vang kommune har frå 01.08.2024 ledig stilling som dirigent for Fjellblom musikklag i 20 % stilling.

Fjellblom Musikklag er vaksenkorpset i Vang kommune, og består pt. av ca 20-25 musikantar. Korpset har brassbandbesetning og har sin faste øvingsdag onsdagar frå kl. 19.00 – 21.30 på Åsvang samfunnshus.

Fjellblom Musikklag er ein positiv og sosial gjeng, og er ein viktig aktør i kommunen sitt kulturliv. Gjennom året har korpset fleire konsertar og arrangement som dei deltek på/arrangera. Musikklaget søkjer no etter ein engasjert og dyktig korpsdirigent som kan løfte korpset vidare både musikalsk og sosialt.

 

Arbeidsoppgåver

DIRIGENT FJELLBLOM MUSIKKLAG i 20 % fast stilling.

Korpset har som mål:

  • Å skape god korpsmusikk
  • Å utvikle gleda ved samspel saman med andre
  • Å arbeide for musikalsk utvikling
  • Å skape eit inkluderande og godt sosialt miljø
  • Å vera eit godt kulturtilbod i lokalmiljøet

Me søkjer dirigent som kan leie arbeidet mot desse måla, og som også vil arbeide for rekruttering av nye medlemmer.

Kvalifikasjonar

  • Ynskjeleg med relevant høgskuleutdanning
  • God realkompetanse kan kompensere for manglande formalutdanning
  • Gode norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Me søkjer etter ein engasjert og inspirerande dirigent med gode samarbeidsevner
  • Personlig eignaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Eit hyggeleg arbeidsmiljø saman med ein triveleg gjeng!
  • Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Nærare opplysningar om stillinga kan du få av leiar i Fjellblom musikklag: Jon Eggen tlf. 901 86 731 

 

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Sommarvikarar innan Tilrettelagte tenester 2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 12. mai 2024
Les mer om stillingen Sommarvikarar innan Tilrettelagte tenester 2024

Helsesjukepleiar - 100 % vikariat - 2.gongs lysing

Vang kommune
Søknadsfrist: 16. mai 2024
Les mer om stillingen Helsesjukepleiar - 100 % vikariat - 2.gongs lysing

Lærarar og spesialpedagogar ved Vang barne- og ungdomsskule - 2.gongs lysing

Vang kommune
Søknadsfrist: 19. mai 2024
Les mer om stillingen Lærarar og spesialpedagogar ved Vang barne- og ungdomsskule - 2.gongs lysing

Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24