Vang kommune søkjer etter fagleiar ved Langtidsavdelinga Vangsheimen for sjukepleiar i 100 % fast stilling
Det er tredelt turnus med arbeid 4 helgar på 12 veker
Ansvarsområde
- Fagleg ansvar for langtidsavdelinga med 8 langtidsplassar og 8 plassar for personar med demens
- Ansvar for pårørandesamarbeid
- Ansvar for vaktbok og innleige
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiar med norsk autorisasjon
- Vidareutdanning er ei føremon
- Erfaring frå arbeid i sjukeheim/pleie- og omsorg
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Fleksibel, systematisk, gode samarbeidsevner
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Relevant praksis
- Førarkort
- Kunnskap om bruk av IKT som verktøy
- Kunnskap om og erfaring med arbeidstidsreglar (turnus), innleige, vaktbokarbeid
- Kunnskap om og erfaring med personalleiing og fagleiing
- Kjennskap til arbeidsmiljøloven
- Snarleg tiltreding vil vere ynskjelig
- Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil verte vektlagt.
Vi tilbyr
- Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
- Løn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsavtalar.
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad.
NB: Vang kommune søkjer også etter sjukepleiar og helsefagarbeidar.
Meir informasjon om stillingane kan du få ved å vende deg til aktuell avdeling:
Korttid/Heimeteneste: Stine Solemsli, tlf. 61 36 95 40
Langtid: Joanke Tito tlf. 61 36 95 34
Me tek atterhald om at fast tilsette med rettar etter HTA § 2.3 har førerett til utviding av stilling. Ved intern tilsetjing blir eventuelle andre ledige stillingar å tilby søkjarane.
Søknad med CV, attestar og vitnemål merka med saknr 18/634 sendast elektronisk gjennom heimesida www.vang.kommune.no.
Søknadsfrist: Søndag 7.oktober 2018
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!