Frist utløpt

Frivilligsentralen har ledig 50% fast stilling som frivilligkoordinator, med oppstart i februar 2024.

Vang frivilligsentral er samlokalisert med Vang folkebibliotek på Vangstunet, i sentrum av kommunen. Frivilligsentralen skal vere drivkraft for frivillig verksemd i Vang, med visjonen Saman skapar vi eit godt og inkluderande lokalsamfunn.

Frivilligkoordinator skal bistå i arbeidet med å nå frivilligsentralen sine mål om å:

  • Førebygge einsemd og bygge fellesskap på tvers av alder, kultur, bakgrunn og interesser
  • Vere eit bindeledd mellom frivillig, offentleg og privat sektor, og ein støttespelar for frivillige lag og andre arrangørar
  • Inspirere lokalsamfunnet i arbeidet med bærekraft, mangfald, solidaritet, likestilling og inkludering.

Ansvar og mynde:
Frivilligkoordinator rapporterer til dagleg leiar i frivilligsentralen. Frivilligsentralen har eigne vedtekter, som skildrar fordeling av ansvar og mynde mellom dagleg leiar, styre, årsmøte og kommunen.

 

Arbeidsoppgåver

Frivilligkoordinator skal bistå dagleg leiar i å gjennomføre planar, aktivitetar og prosjekt vedtatt i handlingsplanen, med særleg fokus på tverrsektorielt samarbeid og å fange opp dei som fell utanfor. Dette inneber mellom anna å

  • Rekruttere og følgje opp frivillige til frivilligsentralen sine aktivitetar
  • Jobbe med inkludering av barn og unge
    • Administrere prosjektet Aktive saman som koplar frivillige opp mot barn og unge som ønskjer hjelp til å delta i fritidsaktivitet. Arbeidsmetoden baserer seg på fritidserklæringa, og frivilligkoordinatoren skal jobbe for at denne skal vedtakast og etterlevast i Vang kommune
    • Samarbeide med folkehelsekoordinator om tiltaket fritidskasse
    • Samarbeide med skule, barnehagar, frivillige lag og andre for å fange opp dei som fell utanfor
    • Bistå i arbeidet med å gjere frivilligheita meir synleg, tilgjengeleg og inkluderande
  • Skape sosiale møteplassar og legge til rette for at seniorar får bidra med sine ressursar
    • Initiere nye arrangement og møteplassar ved behov
    • Samarbeide med prosjektgruppa Leva heile livet og andre relevante partar om tiltak for å skape aktivitet og fellesskap
    • Samarbeide med helse- og omsorgsetaten i prosjekt og tiltak der frivillige er involvert
  • Bistå dagleg leiar i det daglege arbeidet
    • Halde frivilligsentralen ope for publikum
    • Hjelpe til med forefallande arbeid

Ønska arbeidstid er måndagar og tysdagar for å betene frivilligsentralen si opningstid. Øvrig arbeidstid kan tilpassast den aktuelle kandidaten, i samråd med dagleg leiar.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning innan til dømes frivilligheit / helse / kultur / barne- og ungdomsarbeid ein fordel
  • Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
  • Erfaring med barn og unge
  • God kjennskap til frivillig arbeid
  • Gode IKT-kunnskapar
  • Lokalkunnskap for å nå ut til aktuelle målgrupper er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Er positiv, samarbeidsvillig og serviceorientert
  • Er løysingsorientert, trivast med å arbeide sjølvstendig og har evne til å skape framdrift
  • Er ryddig og strukturert
  • Er glad i å prate med menneske, har gode formidlingsevner og evnar å engasjere
  • Har gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil verte vektlagt.

Vang kommune nyttar nynorsk som målform.

Vi tilbyr

  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med kompetente tilsette
  • Ein variert jobb med spennande utfordringar
  • Høve til å påverke innhald og oppgåver i stillinga
  • Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Hjelp til å skaffe bustad ved behov

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Vang kommune
Søknadsfrist: 05. mai 2024
Les mer om stillingen Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Dirigent i musikklaget Fjellblom - 20 % fast stilling - 2.gongs lysing

Vang kommune
Søknadsfrist: 14. mai 2024
Les mer om stillingen Dirigent i musikklaget Fjellblom - 20 % fast stilling - 2.gongs lysing

Helsesjukepleiar - 100 % vikariat - 2.gongs lysing

Vang kommune
Søknadsfrist: 16. mai 2024
Les mer om stillingen Helsesjukepleiar - 100 % vikariat - 2.gongs lysing

Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24