Fellesrådet sitt ansvarsområde er Vang i Valdres prosti, Hamar bispedøme. Vang er den vestlegaste av kommunane i Valdres, på grensa mot Sogn, og dermed ganske midt mellom Oslo og Bergen. Vi har ca. 1700 innbyggarar og eit godt song- og musikkliv med to korps og to kor.
Kyrkja i Vang har 4 sokn; Heensåsen, Høre, Vang og Øye, med 6 kyrkjer - deriblant 2 stavkyrkjer, ei fjellkyrkje og 4 kyrkjegardar.
Staben består av sokneprest, kyrkjegardsarbeidar, kyrkjetenarar, klokkarar, reinhaldarar og kyrkjeverje og snart kantor.
Ledige stillingar i kyrkjene i Vang frå 01. januar 2019
Det er tre ledige stillingar som kyrkjetenarar og ein som klokkar og dei gjer arbeid i kyrkja i samband med gudstenester – ca ein i månaden - og ved andre kyrkjelege handlingar. Kyrkjetenar er og assisterande brannvernleiar i si kyrkje.
Kyrkjetenar i
Høre stavkyrkje 9 %
Heensåsen kyrkje 9 %
St.Tomaskyrkja 5 %
Klokkar i Øye i 6 %
Spørsmål om stillinga kan rettast til:
kyrkjeverje Guro Hovda, tlf. 61 36 95 90 eller mobil 412 65 178 eller sokneprest Ingebjørg Vik Laugaland, mobil 926 53 320.
Søknad sendast til: Vang kyrkjelege fellesråd, Tyinvegen 5161, 2975 VANG I VALDRES, innan 10. august 2018
Sjå alle ledige jobbar i Vang akkurat no.
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!