Frist utløpt

For å lage festival 1060 meter over havet jobbar ein godgjeng jevnt og trutt gjennom året, desse utgjer Vinjestaben! Vil du vere med? Og er du Valdris så oppfordrar me deg litt ekstra til å bli med.

Ein posisjon i Vinjestaben er frivillig. Du går inn i ein stab rett i overkant av 30 gruppeleiarar som jobbar heile året med å førebu Vinjerock. I løpet av året har staben fire faglege og sosiale samlingar. Som stabsmedlem får du ta med deg ein gjest gratis, samt tilgang til å kjøpe to festivalpass til venner og andre godar. Ikkje minst får du vere med å forme korleis Vinjerock skal vere i framtida og ta del i eit skikkelig triveleg og godt fellesskap. 

Matsjef

Som matsjef i Vinjerock er du ansvarleg for at alle som kjem til fjells er mette og glade (ikkje heilt åleine sjølvsagt - du har ein god gjeng med deg). Saman med ein god flokk syter du for drift av kjøkkenet vårt som både serverer mat til dei frivillige, publikum og artistane våre. Hjå oss får du jobbe med lokale råvarer av ypperste kvalitet, for Valdres er ein region med ein sterk og god matkultur. 

Matsjefen er ein del av avdelinga for bevertning saman med mellom anna barsjefar, NK kjøkken og ansvarleg for innkjøp av lokalmat. Men jobbar og tett saman med andre avdelingar i staben, til dømes infrastruktur for strøm, vatn og utstyr.  

Arbeidsoppgåver

  • Planleggje menyen for Vinjerock både for frivillige, backstage og for sal.
  • Planleggje og gjennomføre innkjøp for kjøkken  
  • Planleggje for og gjennomføre ei trygg drift med tydelege og gode rutinar. 
  • Leggje ein god plan for gjennomføring av produksjon og sal av mat saman med resten av avdelinga 
  • Sikre god matsikkerheit 
  • Ha ein plan for vidaresal/bruk av overskotsvarer frå kjøkken (me kastar ikkje mat) 
  • Ha eit godt overblikk over kjøkkenet og leie dei andre i arbeidet. 

Eigenskapar 

  • Du er god på system og strukturar 
  • Du har eit godt overblikk 
  • Du er løysingsorientert og fleksibel 
  • Du har erfaring frå kjøkken

Spørsmål? Send til guro.furunes@vinjerock.no

Har du lyst til å vere matsjef på Vinjerock? Sendt ein kort (mindre enn A4) tekst om deg sjølv og fortel oss kva erfaringar du har til guro.furunes@vinjerock.no 

 

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Vang kommune
Søknadsfrist: 05. mai 2024
Les mer om stillingen Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Dirigent i musikklaget Fjellblom - 20 % fast stilling - 2.gongs lysing

Vang kommune
Søknadsfrist: 14. mai 2024
Les mer om stillingen Dirigent i musikklaget Fjellblom - 20 % fast stilling - 2.gongs lysing

Helsesjukepleiar - 100 % vikariat - 2.gongs lysing

Vang kommune
Søknadsfrist: 16. mai 2024
Les mer om stillingen Helsesjukepleiar - 100 % vikariat - 2.gongs lysing

Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24