Frist utløpt

Vil du bidra til å skape ein møteplass for ungdom i Vang kommune, fylt med eit inkluderande fellesskap og meiningsfulle aktivitetar? Då kan denne jobben vere noko for deg! Vang kommune lyser no ut ei 2-årig 100 % prosjektstilling som “Prosjektkoordinator Ung i Vang”  

Vi ser etter ein engasjert og dedikert medarbeidar som ynskjer å gjere eit løft for ungdommen i bygda vår. Vang kommune ynskjer å arbeide meir med forebyggande arbeid og inkludering blant ungdommen. Vi ynskjer å skape eit opent og trygt fellesskap kor ungdommen deltek og har innflytelse på aktivitetar og innhald.  

Kva kan me tilby?

  • Ein meiningsfull jobb der du utgjere ein forskjell og kan vere med på å ivareta og bygge opp ungdommar i Vang
  • Deltaking i etaten si leiargruppe
  • Ein fleksibel og utegåande jobb der du har stor sjølvstende i val av aktivitetar og opplegg
  • Eit tverrfagleg kollegium med hyggelige, kompetente og engasjerte kollegaer!
  • Unik erfaring frå ei unik stilling som du kan bygge vidare på
  • I Vang er det godt å bu! (Sjå oppramsa fordeler nedst i annonsa)
  • Løn etter tariff, og gode forsikrings - og pensjonsvilkår

Denne stillinga har ettermiddags/kveldsarbeid 2-3 dagar i veka. Arbeidstida vil henge saman med kva aktivitetar som blir gjennomført. Noko arbeid i helg og i skulen sine ferier lyt ein rekne med. Din nærmeste leiar er kommunalsjef for utdanning og kultur, og du vil inngå i etaten si leiargruppe. 
Vang kommune har jobba med prosjektet Ung i Vang sidan 2020. Ung i Vang er eit prosjekt med føremål å skape ein god og plass å vera med og for ungdom, der tilsette frå psykisk helse, helsesjukepleiar og frisklivsrettleiar møter ungdomen på deira arena.

 

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for planlegging og gjennomføring av aktivitetar i samarbeid med eventuelle frivillige og andre medarbeidarar
  • Miljøarbeid og bygge gode relasjonar til deltakare på “Eftasklubb” og ungdomsklubb
  • Låseansvar og praktiske oppgåver i forbindelse med aktivitet
  • Nokre administrative oppgåver som rapportering, promotering på sosiale medium og oppfølging av deltakarar
  • Arbeid knytt til samarbeid med blant anna Vang Kulturskule og Fri-Nat

Kvalifikasjonar

  • Gjerne relevant utdanning - men erfaring eller personleg eignaheit kan vege opp for manglande formell utdanning
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge 
  • God digital kompetanse og god kjennskap til sosiale medium
  • Har gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg 
  • Motivasjon for å arbeide med og for ungdomsmiljøet i Vang 

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som:

  • Er god på å bygge relasjonar og har gode kommunikasjonsferdigheiter 
  • Tek ansvar og evner å arbeide sjølvstendig 
  • Er løysingsorientert og har gode samarbeidsevner 
  • Brenn for at ungdom skal ha det bra og ynskjer å skape gode tilbod kor alle er velkomne 

Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Gyldig politiattest må framleggas før oppstart

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Vang kommune
Søknadsfrist: 05. mai 2024
Les mer om stillingen Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Dirigent i musikklaget Fjellblom - 20 % fast stilling - 2.gongs lysing

Vang kommune
Søknadsfrist: 14. mai 2024
Les mer om stillingen Dirigent i musikklaget Fjellblom - 20 % fast stilling - 2.gongs lysing

Helsesjukepleiar - 100 % vikariat - 2.gongs lysing

Vang kommune
Søknadsfrist: 16. mai 2024
Les mer om stillingen Helsesjukepleiar - 100 % vikariat - 2.gongs lysing

Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24