Frist utløpt

Tilrettelagte tenester/Miljøtenesta har ledig 100 % fast stilling og 100 % vikariat som vernepleiar.

Du er ynska hit til oss med di nyskjerrigheit, positivitet og gode samarbeidsevner.
Tilrettelagte tenester i Vang er i endring, difor treng me nye medarbeidarar. Me ser at våre tenester både endrar seg og aukar, og innhaldet i arbeidet vert variert og nyskapande.
Me ynskjer din kunnskap og bidrag i endringa, saman med fleire gode fagansvarlege. 
Du vert med på alt frå observasjon og kartlegging av bistandsbehov, oppstart av nye tenester, i tett samarbeid med eigne og andre faginstansar, tenestemottakarar og   
familiar. Du vil bidra inn i barneavlastning, private heimar, bufellesskap, arbeid/aktivitet og til tider samarbeide med skule/barnehage. 

Gode lønsvilkår for vernepleiarar og sjukepleiarar som rekrutteringstiltak i Vang kommune!

Kva kan me tilby?

  • Gode lønsvilkår! - I Vang kommune får vernepleiarar og sjukepleiarar 10 års tilleggsansiennitet ved oppstart i stilling. Ansienniteten kjem i tillegg til reell yrkesansiennitet. Kandidatar som allereie har full ansiennitet vil få løn over tariff. 
  • Stor variasjon i arbeidsoppgåver
  • Du vil bidra inn i utviklinga og endring av tenesteområdet
  • Faglege utfordringar og gode utviklingsmoglegheiter
  • I Vang er det godt å bu! (Sjå oppramsa fordeler nedst i annonsa)
  • Vi kan hjelpe til å ordne bustad
  • Gode forsikrings - og pensjonsvilkår

 

Arbeidsoppgåver

  • Aktivt søkje å nå fastsette mål for arbeidet gjennom målretta miljøarbeid
  • Praktisk bistand og opplæring til tenestemottakarar etter HOL §3-2,6
  • Ivareta brukarmedverknad i all tenesteyting
  • Bidra til godt samarbeid med brukarar, pårørande og kollegaer
  • Observasjon og kartlegging

Kvalifikasjonar

  • Fortrinnsvis autorisasjon som vernepleiar, men sjukepleiar og andre med 3-årig helse - og sosialfagleg utdanning oppmodast også til å søkje. 
  • Kunnskap og erfaring frå arbeid med målgruppa
  • Gode ferdigheter innan IKT og bruk av elektronisk pasientjournal
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Førarkort kl. B og disponera eigen bil

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsferdigheiter, men òg evne sjølvstendig arbeid
  • Du er stabil, fleksibel og lojal overfor vedtak og tiltak
  • Du er blid og positiv, og villig til å søke ny kunnskap

Vi tilbyr

  • Ei spennande stilling med varierte arbeidsoppgåver
  • Opplæring og rettleiing
  • Lønn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsavtalar
  • Stillinga krev politiattest jf. helsepersonell-loven § 5-4. Attesten må leggjast fram før tiltreding
  • Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor
  • Gode lønsvilkår for vernepleiar/sjukepleiar

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Vang kommune
Søknadsfrist: 05. mai 2024
Les mer om stillingen Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Dirigent i musikklaget Fjellblom - 20 % fast stilling - 2.gongs lysing

Vang kommune
Søknadsfrist: 14. mai 2024
Les mer om stillingen Dirigent i musikklaget Fjellblom - 20 % fast stilling - 2.gongs lysing

Helsesjukepleiar - 100 % vikariat - 2.gongs lysing

Vang kommune
Søknadsfrist: 16. mai 2024
Les mer om stillingen Helsesjukepleiar - 100 % vikariat - 2.gongs lysing

Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24