Hallgrim Rogn

torsdag 26. januar 2017 kl 11:18

Meininga med minusgrader
Kvart einaste snøfall er som ein liten fest

Eg ser på meg sjølv som ein kar som er over snittet glad i snø. Det kriblar fyrste dagen Vangsfjella har snø på toppane, og den morgonen heile bygda er dekt, då er det som å vera liten gut og vakne på julaftan.

Snø gjev meining til fem–seks månader med minusgrader. Men i år vart mine varme kjensler for snø glatt forbigått av ei jente på fjorten månader. Ho såg snøen også i fjor, men då beit ho seg ikkje særleg merke i han. Då vi i november gjekk frå tindrande og turr haust til kald og krittkvit vinter på eit lite knips, var det difor med ei viss spenning vi opna døra til det kvite.

Litt skeptisk var ho, det skal seiast. Men etter om lag fire sekund var skepsisen borte. Ho tok sats og vassa ut i tjuefem centimeter laussnø. Den skulle smakast på, stupast ned i, kastast opp i lufta og herjast med. Snart var ho også introdusert for kombinasjonen snø og fart via ein snowracer. Kjærleiksforholdet var komplett.

No, etter at snøen er her, stabbar så vesla ut i gangen etter frukost, snublar gjerne i teppet og krabbar seg bort til inngangsdøra der ho byrjar ei intens hamring. Samstundes fortel babling og blikk at det berre er ein ting som gjeld akkurat no: ein tur ut i snøen. Ho har skjønt det. Sånn var det ikkje utan snø utanfor døra. Snø er heile meininga med minusgradene.

Kjærleiken til snø betyr at kvart einaste snøfall er som ein liten fest. Samstundes betyr det at Vang har noko å by på kvar einaste vinter resten av livet. Det byrjar med akebakken utanfor hytte eller hus, går via barnebakken på Tyin-Filefjell og endar opp i Jotunheimen.

Bakkane. Tindane. Viddene. Løypene. Lang vinter. Alt som trengst for å gjera kjærleiken til snø livslang, er på plass i Vang.

Om bloggaren

Etter nokre år utanfor skigarden er journalist og sprettball Hallgrim Rogn tilbake i Vang der han no har fått draumejobben som Innovangsjonsminister og kan jobbe fulltid for å gjera Vang til ein attraktiv plass å bu. TLF: 412 22 769

Vis alle bloggar